Hopp til innhold

Ordførar føler bygda blir motarbeidd

Selje kommune er midt i ei alvorleg bølgje med nedlegging av tilbod.

Stein Robert Osdal

Tvangssamanslåing: Ordførar Stein Robert Osdal har tenkt tanken på at kommunen kan bli slått saman med ein annan utan at folket og politikarane sjølv vil det.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Geir Gjørsvik

OPPGITT: Gründer Geir Gjørsvik er oppgitt over alle stengingane i Selje.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

På kort tid skal banken og tannlegekontoret stenge dørene i Selje. Nyleg foreslo regionlensmannen å leggje ned lensmannskontoret i Selje, og ordføraren fryktar og for Nav-kontoret.

På toppen kjem at i sommar stengde kafeen, og hotellet skal no for første gong halde vinterstengd.

Ei slik nedleggingsbølgje gjer leiar for suksessbedrifta Paneda, Geir Gjørsvik, oppgitt.

– For samfunnet i Selje er det sjølvsagt svært negativt, og det gjer tilboda til dei som bur i kommunen dårlegare.

Gjørsvik brenn for ei framtid i kommunen, og trur på eit oppsving i åra som kjem.

– Når Stad skipstunnel kjem så blir det ei stor utvikling for Selje, då er det synd at det andre offentlege rundt oss her går andre vegen.

Provosert

Sparebanken Vest Selje

FLEIRE: Banken er ei fleire tenester som no stenger dørene i Selje.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Krf-ordførar Stein Robert Osdal er uroa. Dei dårlege nyhenda kjem samstundes som store delar av næringslivet går som det grin.

– Eg blir litt provosert. Vår største fiende blir på ein måte staten og fylkeskommunen. Det er snart på sin plass å spørre stat og fylke, kva no? Ein burde på ein eller annan måte blitt kompensert.

Osdal meiner kommunen kunne trengt meir pengar til næringsutvikling, på same tid blir det spekulert i om Fylkesmannen kjem med forslag om å samanslå Selje kommune.

Eg har jo tenkt tanken at vi kan bli tvangssamanslått med ein annan kommune, seier Osdal.

Trist

Selje Hotel

VINTERSTENGD: Selje Hotel skal no for første gong halde vinterstengd.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I det tidlegare kommunehuset i Selje viser Gerd Kjellaug Berge og Maria Vengen i Stiftinga Sankta Sunniva, Selje og Stad fram utstillinga om klosterøya Selja. Satsinga skal lokke fleire turistar til havkommunen i vest. Berge dreiv saman med ektemannen Selje Hotel som heilårshotell i 40 år. Ho synest det er trist hotellet stenger.

– Eg blir lei meg, eg trur dei fleste turisthotell som ligg i så små kommunar vurderer kvart år om dei skal halde vinterstengd. Den diskusjonen hadde vi og nesten kvart år. På ein måte kan eg forstå dei som no eig, men på den andre sida handlar det å bu i ei lita bygd, om å ta eit samfunnsansvar.

Leiar ved Selje Hotel, Aydin Akcay, seier til NRK at hotellet stenger frå 1. november til 1. april med ei prøvetid på to år. Han forstår at folk synest det er trist, men med lite vintertrafikk er stenginga naudsynt.

Løysingsorientert

Gerd Kjellaug Berge og Maria Vengen

TURISTAR: Stiftinga Sankta Sunniva, Selje og Stad skal prøve å lokke fleire turistar til kommunen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Maria Vengen flytta tilbake til Selje for få år sidan. Ho trur på eit løft, særleg for reiselivet. Nyleg lanserte Visit Nordfjord sin nye profil, der nettopp nærleiken til hav og bre er sentral.

Stengingane blir eit tema blant folk i Selje framover.

– Det blir det nok, men eg trur dei fleste er ganske løysingsorienterte og prøver å sjå korleis dei kan bidra i staden for å grave seg ned. Det håpar eg iallfall. Selje treng verkeleg eit løft, i hovudsak handlar det om å tru på at det er mogleg, seier Vengen.