Hopp til innhold

Ordførar får snart 330 underskrifter i fanget

Med 330 underskrifter krever ei aksjonsgruppe i Hornindal ein snuoperasjon. Dei vil ha folkerøysting og ei heving av vedtaket for ei kommunesamanslåing med Volda.

Stig Olav Lødemel

TRUDDE DET SKULLE VERE FLEIRE: Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, hadde sett for seg fleire underskrifter frå aksjonsgruppa for folkerøysting.

Foto: Trond Vestre / NRK

– 330 underskrifter er eigentleg eit godt tal. Det har aldri vore så stor oppslutnad kring ein folkeaksjon i Hornindal tidlegare, seier talspersonen for aksjonsgruppa for folkerøysting i Hornindal, Audun Gausemel.

I juni sa kommunestyret i Hornindal ja til å gå slå seg saman med Volda. Før vedtaket hadde Hornindal kommune ei måling av eit representativt utval av innbyggjarane i kommunen, men i tida etter vedtaket har fleire av innbyggjarane etterlyst ei folkerøysting.

No har ei aksjonsgruppe samla 330 underskrifter for å påverke kommunestyret til å behandle saka på nytt.

– Vi vil ha med heile bygda si meining, og ikkje berre tilfeldig utplukka som var med i ei folkeundersøking, seier Gausemel.

Sår tvil om bakgrunn for underskrifter

For aksjonsgruppa er det no opp til kommunestyret, men kravet er klart.

– No skal vi legge fram underskriftene for kommunestyret med krav om at saka blir behandla på nytt, og at eit vedtak vil bygge på ei folkemeining i Hornindal som kjem fram av ei folkerøysting, seier Gausemel.

Det var ein venta kampanje for ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel.

– Det var spennande å sjå kor mange underskrifter dei ville få. Vi veit jo at bygda er delt i dette spørsmålet med tanke på retningsval.

Lødemel er heller usikker for bakgrunnen til nokre av underskriftene.

– Det blir brukt at det er eit prinsipp om folkerøysting og det kan godt hende det er, men eg vil tru at nokon at ein del av underskriftene handlar om retningsvalet. Noko eg for så vidt har forståing for.

Såg for seg fleire underskrifter

330 underskrifter er samla inn av aksjonsgruppa for folkerøysting.

– Eg trudde kanskje det skulle vere fleire underskrifter. Om dei som vil til Stryn hadde signert, så burde det vore halvparten av befolkninga i kommunen som hadde signert, seier Lødemel.

Gausemel skulle ønske det var fleire underskrifter, men meiner det har si naturlege forklaring.

– Vi som har vore ute på bygda med lister og har fått mange gode tilbemeldingar, men ein del vegrar seg for å skrive under. Dei vil ikkje stå med fullt namn, så det er meir støtte for aksjonen enn det som kjem fram i tal på underskrifter.

Aksjonsgruppa håper at dei vert lytta til.

– No håper vi Hornindal kommune tek det til etterretning og går for ei folkerøysting, seier Gausemel.