NRK Meny

Ordførar er sjukemeld

Ordførar Olav Turvoll i Vik er sjukemeld til over sommaren, etter at han den siste veka har vore innlagt på sjukehus på grunn av hjarteproblem. Han er no attende i Vik, men vil bli sjukmeld ei tid framover. Varaordførar Roy Egil Stadheim vil vera fungerande ordførar så lenge Turvoll er sjukmeld. Dette opplyser Vik kommune i ei pressemelding.

Olav Turvoll
Foto: Noralv Pedersen / NRK