Hopp til innhold

Ordførar budd på dårleg nytt

Ordførarar, tilsette og elevar i den vidaregåande skulen går ein svært spennande dag i møte.

Petter Sortland

ORDFØRAR: Petter Sortland er budd på dårlege nyhende når det gjeld framtida til Høyanger vidaregåande skule.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I går ettermiddag, og bak lukka dører, vart rektorane orientert om korleis fylkeskommunen ser føre seg den framtidige skulestrukturen.

Fylkeskommunen må kutte mellom 72 og 97 millionar kroner fram mot 2024.

– Eg er budd på at dette skal vere litt utfordrande for Høyanger, seier ordførar Petter Sortland i Høyanger kommune.

Nervøse elevar

Ordføraren har grunn til å vere uroa. For skular som Høyanger, Jølster, Luster, Dale og Stryn er i faresona.

Nadia Kvamme

NERVØS: Elevrådsleiar Nadia Kvamme ved Stryn vidaregåande skule.

Foto: Birger Meland / NRK

I verste fall kan sju av dagens 13 vidaregåande skular vere føreslått nedlagde når dagen er omme. Klokka 0930 er det informasjonsmøte på skulen, før elevane blir orienterte to timar seinare.

– Eg kjem til å vere litt nervøs, og eg trur det blir mykje blanda kjensler både for elevar og lærarar, seier elevrådsleiar i Stryn, Nadia Kvamme.

Har fått 200 innspel

– Eg tykkjer det er trist at Stryn kan få kutt i liner, eller bli lag ned, held elevrådsleiaren fram.

Saka har skapt eit uvanleg stort engasjement med over 200 høyringsinnspel. I fleire av kommunane har det vore mobilisert til kamp for skulane, og ein har gjennomført fakkeltog.

I Indre Sogn har ein likevel semja om å gje opp den vidaregåande skulen i Luster som sjølvstendig skule. Denne kan hamne under Sogndal vidaregåande skule.

– No det byrjar

I Sunnfjord har kommunane gått eitt steg lengre, og lagt Mo og Jølster vidaregåande skule si avdeling i Jølster på hoggestabben. Her kan liner bli overførde til Øyrane vidaregåande skule.

Høyanger vidaregåande skule

I FARE: Høyanger vidaregåande skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Høyanger seier ordføraren at det er no det verkeleg byrjar. For i dag går startskotet for eit intenst politisk spel den neste månaden før behandling i fylkestinget.

– Eg håpar at når ein har fått summa seg og gjort den politiske jobben, så skal dette snuast til noko positivt, seier Sortland.