NRK Meny
Normal

Optimist før heimekamp mot Brann

Sogndal-kaptein Per Egil Flo trur det er eit revansjesugent Brann-lag som kjem til Fosshaugane i kveld. Likevel trur han på heimesiger.

Per Egil Flo

TRUR PÅ SIGER: Kaptein Per Egil Flo tru Sogndal kan vinne 2-1 mot Brann på Fosshaugane søndag kveld.

Foto: Yttri, Tor / Scanpix

– Vi er veldig optimistiske, seier han til NRK.no før kampen søndag kveld.

Brann og Sogndal har plassert seg i to forskjellige endar av tabellen så langt, men kapteinen let seg ikkje skremme av det.

– Brann er i flyten, og det er eit godt lag. Men vi gler oss til kamp og nye moglegheiter til å ta poeng, seier Flo.

Håpar på fulle tribunar

Oppgjeret mellom dei to vestlandslaga er rekna for å vere noko spesielt, og arrangementsansvarleg i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, håpar på ein folkefest.

– Eg tippar vi kjem til å hamne på rundt 5000 tilskodarar, sa han til NRK.no fredag.

Det vil seie nesten fulle tribunar på Fosshaugane. Noko også Flo håpar på.

– Det er alltid artig med trøkk rundt kampen og masse stemning på tribunen.

Vann i fjor

TalSogndal Fotball har henta fram viser at laget har slått Brann heile ni gonger på heimebane sidan 1988. To oppgjer har enda med uavgjort, og berre to gonger har Brann kunne reist tilbake til byen mellom dei sju fjell med siger.

Sist laga møttest var i slutten av november i fjor, då sikra Sogndal seg fornya eliteseriekontrakt etter 2–0 sigeren over bergensarane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen jublar over 2-0-scoringa mot Brann.

SIKRA SIGER: Ørjan Hopen kunne sleppe jubelen laus etter han putta inn 2–0 målet for Sogndal då dei sist møtte Brann på Fosshaugane. Kan det bli ein reprise søndag kveld?

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Kanskje vi har meir lyst å vinne?

Kaptein Per Egil Flo seier oppgjeret mot Brann først og fremst er ein vanleg fotballkamp for spelarane, men at det berre er motivasjon at det er nettopp bergenslaget som står på den andre banehalvdelen.

– Kampen i fjor var i fjor, no er det nye moglegheiter, og Brann er sikkert revansjesugne, seier Flo.

– Kva er det som kan gjere dokke betre enn Brann i kveld?

– Det er arbeidsinnsatsen, og så det at vi kanskje har meir lyst å vinne enn dei har.

Om han skal tippe på resultat går det i sognelaget sin favør.

– Eg tippar på 2–1 til Sogndal, er spådommen hans.