Hopp til innhold

Optimisme trass tøffe tider

FLORØ (NRK): No er det igjen forsiktig optimisme blant dei oljerelaterte verksemdene i fylket. Etter ein tøff periode, trur dei på vekst i år.

Fjord Base, Botnaneset i Florø

OPTIMISME: Mange verksemder ynskjer no å verte leverandørar til petroleumsindustrien.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi hadde vel eigentleg forventa eit dårlegare resultat, så ærlege skal vi vere, seier Stein Kvalsund i Maritim Forening i Sogn og Fjordane.

I dag presenterte han Verdiskapingsanlysen som PWC har gjort for foreininga.

– Vi ser framleis optimisme blant aktørane Sogn og Fjordane.

– Sjølv om det så absolutt er tøffare tider for petroleumsindustrien over heile landet?

– Det er tøffare, når du har kostnadsreduksjon over heile lina. Men så er det også slik at verksemdene våre syner konkurransevilje og evne som gjer at ein kan kome inn i marknaden på ein god måte. seier Kvalsund.

Mange vil bli leverandørar

I dag har Sogn og Fjordane 152 verksemder som leverer produkt eller tenester til petroleumsindustrien. I tillegg har 17 verksemder svart at dei ynskjer å bli leverandørar. Berre ei verksemd har forsvunne sidan i fjor.

Stein Kvalsund, dagleg leiar i Maritim Forening i Sogn og Fjordane

TRUR PÅ VEKST: Stein Kvalsund er dagleg leiar i Maritim Forening i Sogn og Fjordane

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Så det er ikkje store avskalinga å snakke om. Det er framleis stor vilje til å satse.

– Litt overraskande kanskje?

– Ja, og spesielt sidan vi no registrerer at det er mange også frå Vågsøy som ynskjer å kome inn på petroleumsindustrien. Det er interessant at det er så mange frå så fiskeri og havbruksretta kommune. seier Kvalsund.

I 2014 omsette dei petroleumsretta verksemdene for 5,5 milliardar kroner. I 2015 syner prognosane ein omsetning på 3,6 milliard. Størstedelen av denne nedgangen skuldast at Havyard Ship Technology AS har skifte aktivitet frå petroleumsrelatert aktivitet til andre forretningsområde.

Viktig å vere synleg

For ei verksemd innan petroleumsindustrien betyr naturleg nok oljeprisen mykje. Men verksemdene peikar også på marknadsføring og synlegheit som svært viktig.

– Verksemdene er svært opptekne av å jobbe i fellesskap med synleggjering og marknadsføring. Ein viktig milepæl for oss no blir oljemessa i Stavanger i slutten av august, der vi har fått ei kremplassering i lag med sentrale aktørar seier Kvalsund.

Ventar størst vekst i sør

21 av 26 kommunar i fylket har verksemder med petroleumsrelatert omsetnad.

Det som vi registrerer er at Gulen og verksemdene rundt Fensfjordbassenget er dei som har størst vekst og prognosane syner også at det dei som kjem til å den prosentvis største auken, seier Kvalsund.