Optimisme på Måløy Sildoljefabrikk

Måløy Sildoljefabrikk investerer for nær 30 millionar kroner i Deknepollen i Vågsøy.

I fjor la dei ned fabrikken i Ulvesundet.

- Men no er optimismen stor og nær alle dei tilsette har fått jobb på søsterbedrifta i Deknepollen, seier dagleg leiar Kenneth Tuenes.

- Tryggar arbeidsplassane

- For vår del er vi veldig glade for å vere i stand til å  satse som vi gjer. Det gjer vi ut frå dei utsiktene vi har i dag, med at vi alt i desse dagar har passert same råstoffvolumet som i fjor for Welcon totalt sett. Det som er heilt klart er at vi tryggar dei arbeidsplassane vi har i dag med denen utvidinga og med den betringa vi får til på kapasitetssida.

Måløy Sildeoljefabrikk, som er ein del av Welcon-konsernet, driv med produksjon av fiskemjøl som for det meste blir brukt i fôr til oppdrettsnæringa.

God etterspørsel etter fôr

På marknadssida er situasjonen god. Dei gode tidene i oppdrettsnæringa gjer at etterspørselen etter fôr er god. Men råstoffsituasjonen for industien har vore svært usikker etter at det vart innført kvoteregulering på kolmule. For dette fiskeslaget er det viktigaste råstoffet for sildeoljefabrikkane, og signala er at kvotane vil gå endå meir nedover i åra som kjem.

Konkurransefortrinn

Det viktigaste alternative råstoffet er avskjer frå filetindustrien, og dette gjer at anlegget i Deknepollen har eit konkurransfortrinn, sidan dei har mange vidareforedlingsanlegg like i nærleiken.

- Vi ser veldig lyst på det for Måløy Sildoljefabrikk, vi ligg veldig gunstig til med tanke på avskjer, slik at den posisjonen sikrar oss eit veldig godt råstoffgrunnlag.