Foto:NRK-arkiv
I fjor gav ikkje fiskeridirektoratet byggjeløyve til ein einaste fiskebåt her i fylket. Så langt i år er alt to nye båtbyggjekontraktar signert.
Regelendring
Årsaka er ei regelendring som gjer at fiskarane no kan ta i bruk større båtar. Lengdegrensa på kystbåtane er endra frå 70 til 90 fot eller til opptil omlag 27 meter.
Pågangen frå fiskebåteigarar som vil byggje er stor, fortel dagleg leiar i båtkonstruksjonsfirmaet Naval Consult, Johan Kongsvik.
- Dei to siste månadane har vi hatt åtte-ti førespurnader om store ombyggingar og tre-fire har forhøyrt seg om bygging av nye båtar. Vi har aldri hatt liknande tilgang på arbeid, og vi må tilsetje fleire folk for å klare oppdraga.
Akkurat som ketsjup
Kongsvik seier næringa har sett fram til eit oppsving.
- Dette har vi og heile næringa venta på i snart to år. Dei siste to år har det vore lite arbeid. Det har berre vore naudsynte ombyggingar og reparasjonar. Oppsvinget no er akkurat som med den berømte ketsjup-flaska. Først kjem det ingenting, så kjem alt.
- Dei minste båtane har no større kvotegrunnlag enn dei greier å fiska opp med dei gamle båtane, og då er dei nøydde til å gjera ei ombygging eller byggja nytt. Det er mange båtar i flåten som må gjera noko i åra som kjem.