Arkivfoto NRK
I sommar ser det ut til å kome endå fleire turistar til fylket. - Alle signal frå utlandsmarknaden er positive, seier diredtør Richard Grov ved Alexandra hotell og Loenfjord hotell. Spesielt er det turistane frå USA, Tyskland, Spania og England som let seg freiste av ferieturar på Vestlandet.
USA tilbake
Dei siste to åra har det kome stadig fleire turistar frå USA. Direktør ved Fretheim hotell, Birgittha Sandstrøm, trur dette kan ha samanheng med at amerikanarane føler seg tryggare no. -I Amerika er interessa for Noreg generelt større enn før. I tillegg har verda vore roleg, og det kan ha ført til at folk frå USA reiser meir enn tidlegare, seier ho.
Gjestar frå Noreg
Og det er ikkje berre blant dei utanlandske turistane hotella opplever større interesse. Det er og auke i talet på nordmenn som vil overnatte i Sogn og Fjordane.
Sigurd Kvikne Arkivfoto NRK
Von om utvikling
At turistnæringa går rette vegen gjer at hotella kan ta seg råd til å prøve nye ting. Hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes hotell i Balestrand torer no å sjå moglegheitene for utvikling av hotellet. -Vi har mange spennande produkt og prosjekt. Skal vi kome i hamn, må vi levere gode resultat, seier han.