- Eg er optimistisk, seier tillitsvald ved ingeniørutdanninga i Førde, Tone Teigen. Ho trur merksemda saka har fått vil føre til at studia ikkje vert lagt ned.
Dårlege søkjartal
Høgskuledirektør Hans Jørgen Binningsbø foreslår å vidareføre akvakulturstudiet, men han vil leggje ned ingeniørutdanninga i Førde. Årsaka er dei dårlege søkjartala. I dag er det i underkant av 70 elevar fordelt på tre år ved ingeniørstudiet til Høgskulen i Sogn og Fjordane, eit studie som det har vore kamp om før.
Tilsette møter opp
Dei tilsette ved avdeling for ingeniørstudiet vil i dag møte opp for å vise si meining på dagens styremøte. -Dei må kunne sjå oss inn i auga når dei gjer vedtaket, seier Teigen.