Hopp til innhold

Optimisme før Hønefoss-kampen

Sogndal-spelarane gjer seg no klare for sesongens viktigaste kamp, og Henrik Furebotn har god tru på opprykk.

Henrik Furebotn
Foto: Arve Uglum / NRK

Søndag møter dei Hønefoss på bortebane. Vinn dei denne kampen er dei klare for eliteserien neste år.

Etter treninga torsdag var Henrik Furebotn, som har slite med forkjøling tidlegare i veka, svært optimistisk.

– Vi gler oss alle saman, og vi ser fram til å kome til stadion søndag, og vi håpar å kapre opprykket i siste serierunden.

Siger er truleg nok

Og spelarane er meir enn klare over at dette er sesongens viktigaste kamp. Vinn dei er dei med 99 prosent sikkerheit klare for tippeligaspel neste år. Den eine prosenten som kan fråta Sogndal opprykk med tre poeng mot Hønefoss er dersom Kongsvinger skulle vinne med store siffer mot Mjøndalen.

– Det einaste vi treng er å vinne, så er vi der, mest sannsynleg, dersom Kongsvinger ikkje slår til med ein braksiger.

Ikkje lyst på kvalifisering

Skulle det derimot gå den vegen Hønefoss sparkar, betyr det kvalifiseringskamp, noko Sogndal-spelarane har heller dårleg erfaring med.

– Vi opplevde kvalifisering i fjor, det har vi ikkje så veldig lyst på i år.

– Du har vore forkjøla denne veka, er du i form til kampen på søndag?

– Jadå, eg trena for fullt i går, og det kjendest veldig bra ut, så det er ingen fare.

Ventar tøft oppgjer

Håvard Flo
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sportsleg koordinator i Sogndal, Håvard Flo seier spelarane er innstilte på klare direkteopprykk til eliteserien. Han reknar likevel med at møte med Hønefoss kan bli tøft og skulle gjerne sett at oppgjeret fann stad på Fosshaugane.

– Det hadde vore kjekt å ha det på heimebane, men eg veit at det kjem mange og heiar på Sogndal på kampen, ikkje berre sogndøler, vestlendingane kjem nok til å gjere seg gjeldande.