Hopp til innhold

Optimisme – men pilene peikar nedover for petroleum

KALVÅG (NRK): Ei fersk analyse viser at både verdiskapinga og talet på årsverk går nedover. Likevel ser petroleumsnæringa fleire positive teikn.

Nettverkssamling med Maritim Forening i Sogn og Fjordane

NETTVERKSMØTE: Mange bedrifter var på plass i Kalvåg, då Maritim Forening Sogn og Fjordane og PWC la fram verdiskapingsanalysen for 2017.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Vi har veldig få reindyrka petroleumsretta aktørar, men petroleum utgjer ein utruleg viktig del av omsetninga til bedriftene våre, seier Stein Kvalsund.

Stein Kvalsund

SAMARBEID: Stein Kvalsund i Maritim Forening ser at fleire bedrifter i regionen samhandlar meir og meir. Han trur det er positivt for at dei skal kunne hevde seg både nasjonalt og internasjonalt.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Han er dagleg leiar i Maritim Forening Sogn og Fjordane. Det er dei som har bestilt verdiskapingsanalysen frå PWC.

Analysen er basert på ei spørjeundersøking hos 198 bedrifter i fylket, som potensielt kunne ha petroleumsretta omsetning.

Talet på årsverk knytt til petroleumsnæringa har gått kraftig ned sidan toppåret 2014. Om lag 600 årsverk er borte, og det er venta ytterlegare nedgang i 2017.

Dersom estimatet er rett vil 33 prosent av petroleumsjobbane ha forsvunne frå 2014 til 2017.

Joakim Knapstad

PILENE PEIKAR NED: Joakim Knapstad frå PWC la fram resultatet av verdiskapingsanalysen, under nettverkssamlinga til Maritim Forening Sogn og Fjordane.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Positivitet trass nedgangen

– Bedriftene har vore veldig villige til å omstille seg, og har funne nye marknadar kor dei kan levere sine produkt og tenester, seier Kvalsund.

Sunnfjord Maritime Consortium (SMC) er ei av bedriftene som må sjå utanfor petroleumsnæringa, no som aktiviteten er lågare.

Anette Traa

MÅ VERE SYNLEG: Anette Traa frå SMC trur den største utfordringa for dei minste bedriftene er å vere synleg, og vise at ein kan bidra.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Det er tøft for alle partar og vi må framleis kjempe om det vesle som vi har. Samtidig er det nokre lyspunkt. Som eit lita bedrift er vi meir fleksible og kan omstille oss raskare, seier Anette Traa i SMC.

SMC har mellom anna satsa meir på fornybar energi, i tillegg til anna maritim næring.

Kva trur du er løysinga for å komme seg gjennom dårlege tider i bransjen?

– Eg trur ein må ha fleire bein å stå på. Å kunne jobbe mot andre næringar enn petroleum er viktig. Spesielt for små bedrifter. Men samtidig må vi halde på den kompetansen vi har, for å kunne bidra når næringa går oppover igjen, seier Traa.

Ser betre ut framover

Irene Kjelby Wergeland

BLANDA DROPS: Iren Kjelby Wergeland meiner det er ei krevjande tid i næringa, men ho ser likevel fleire lyspunkt for Wergeland Holding AS.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Eg har veldig tru på næringslivet i Sogn og Fjordane. Det er flinke folk som evnar å snu seg rundt, finne andre næringar og andre marknadar, seier Iren Kjelby Wergeland i Wergeland Holding.

Leiaren i Maritim Forening trur også at den negative trenden vil snu.

– Eg trur vi vil sjå andre tal i 2018 enn dei vi har sett i årets presentasjon. Store aktørar innan petroleum ser på Sogn og Fjordane som eit kjempeinteressant leverandørnettverk for aktiviteten sin, seier Kvalsund.