Hopp til innhold

Fekk nei frå Myrkaskog - no jaktar Sogndal ny Førde-spiss

Storscorar Øystein Myrkaskog valde Førde framfor Sogndal. No er Førde-spiss Kristian Fardal Opseth på prøvespel hjå Sogndal.

Kristian Fardal Opseth

SOGNDAL NESTE? Kristian Fardal Opseth er på prøvespel i Sogndal denne veka, og skal få speletid i treningskampen laget skal spele mot Flora torsdag.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Kristian er ein fylkesspelar, ein lokal gut som har fått nokre år på baken i Førde og i 2. divisjon. Han har utvikla seg veldig fint, seier sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo.

Det var Firda som først skreiv om saka onsdag. Opseth har spelt med Sogndal denne veka, og skal også vere med på treningskampen i Sognahallen torsdag mot Florø.

– Han får nok noko speletid i kampen slik at vi får sett litt på han og fått litt meir kjensle med korleis han står nett no, seier Flo.

Opseth er oppvaksen på Kaupanger og er son av Sogndal-legenda Lasse Opseth. Ungguten har nyleg signert to-årskontrakt med 2. divisjonsklubben Førde.

Kom på kort varsel

Han understrekar at ingenting er klart med tanke på ein overgang.

– Dette er eit kartleggingsprosjekt for å sjå kva vi gjer eller ikkje gjer vidare. Eg er veldig glad for at han tok denne moglegheita og kom ned på kort varsel og kunne vere med oss litt, seier Flo.

Opseth har også tidlegare vore med Sogndal på regelmessige hospiteringar før han drog til Førde.

– Det er ein fin gut med mange fine kvalitetar. Så får vi sjå korleis statusen vert etter kvart, seier Flo.

Ein eventuell overgang kan komme raskt.

– Det er rett før vi dreg til La Manga Cup, men vi skal ikkje forhaste oss. Viss vi skulle fatte ei avgjerd, så skal det vere på eit godt, gjennomtenkt grunnlag, seier Flo.

Afrikanarar på prøvespel

Men det er ikkje berre Fardal Opseth som er på prøvespel i Sogndal denne veka. Også to spelarar frå Nigeria er innom klubben for å syne seg fram.

– Det er to afrikanske spelararpå vitjing, etter innspel frå agentar. Dette er berre eit kartleggingstiltak. Det er ein midtbanespelar og ein offensiv angripar/kant som er med oss nett no, seier Flo.

Dei to spelarane har vore med Sogndal denne veka, og skal også vere med eit par dagar til. Om det blir noko meir utover det, kan ikkje Flo svare på.

– Vi får sjå. Det er ikkje noko konkret rundt dette, seier Flo.

Til Firda seier Opseth at han er godt nøgd med treningane han har vore på med Sogndal så langt.

– Førebels ser eg på dette som eit tilbod om å få nokre gode treningar. Eg har ikkje tankar om at dette kan resultere i noko meir, seier Opseth til avisa.

Vil sjå kva nivå dei held

Han fortel at agenten som spelte dei to inn for Sogndal, er ein agent som også tidlegare har spelt inn spelarar for Sogndal.

– Vi valde denne gongen å sjå nærare på typane, og sjå kva nivå dei er på i forhold til innspelet frå agentane, seier Flo.

Tysdag var det klart at eidaren Azar Karadas blir med Sogndal vidare i to år. Dermed har Sogndal fylt endå eit hol i troppen. Flo avviser at dei jaktar fleire spelarar med det første.

– Per dags dato gjer vi ikkje det. Vi er i marknaden og ser kva som er tilgjengeleg til ei kvar tid. Men troppen vår er rimeleg intakt, så kva vi gjer framover, avheng av kva som skjer i troppen, seier Flo.

Ei fjør i hatten

Han er svært godt nøgd med at Karadas blir med klubben vidare.

– Han har vore ei viktig brikke for oss dei åra han har vore her. Han er ein spelar med masse erfaring i toppfotballen både i inn- og utland. Han er ein kapasitet som kompletterer troppen vår og miljøet vårt, seier Flo.

Han karakteriserer Karadas som ein mentor og vegvisar for dei unge spelarane på laget.

– Det var veldig kjekt at Karadas valde oss også denne gongen. Han sat på ein del tilbod både nasjonalt og internasjonalt, så det er ei fjør i hatten til oss at vi fekk det til denne gongen, seier Flo.