I fjor hadde dei driftsinntekter på 130 millionar og gjekk med 11 millionar i pluss, fortel administrerande direktør Arne Klausen.
Har gått som smurt
Klausen Mekaniske verkstad vart grunnlagd i 1947, og produserte i starten alt frå sparkstøttingar og rattkjelkar til taubaner og traktorar. Dei seinaste åra har dei laga store stålkontruksjonar til mellom andre Hydro, Elkem og skipsverftet i Florø. Og når liknande verksemder har slite, har bedrifta i Holmedal med 45 tilsette gått som smurt. Men i vår har også Klausen måtta permittere og seie opp tilsette.
18 millionar på bok
Men bedrifta har gjort seg i stand til å takle motgang. Dei har no sikra seg 18 millionar på bok, og kan godt tåle svingningar, seier direktør og eigar Arne Klausen.
Stabil arbeidskraft
Den klare oppskrifta på å få eit så godt resultat, sjølv om ein ikkje ligg sentralt til og anna industri slit, har ikkje Klausen, men han meiner at stabil arbeidskraft er veldig viktig.