NRK Meny
Normal

Oppsyn tok fleire ulovlege garn i Førdefjorden

Natt til laurdag vart det funne åtte ulovlege garn i Førdefjorden. No fryktar elveeigarane for laksestammen i området.

Ulovlege garn

FISKAR ULOVLEG: For andre gong i løpet av berre 14 dagar er det tatt ulovlege garn i Førdefjorden.

Foto: Finn Olav Myhren

– Det tykkjer eg er svært mykje, seier Finn Olav Myren i Vest skog, som driv oppsyn for elveeigarane i Gaula, Jølstra, Nausta og Osen.

Garna som vart kverrsette natt til laurdag var fem lenker med opp til tre garn lenka saman.

– Det var lenkar på opp mot 90 meter, og vi fann dei i Helleområdet, Redalen og Vevring, seier Myhren.

Fryktar for laksestammen

7. juni tok Statens naturoppsyn hand om fire ulovlege garn i Førdefjorden. Dermed er ein berre så langt i sommar komme opp i 12 ulovlege garn. I Nausta elveeigarlag er leiar Eiliv Erdal oppgitt over det ulovlege fisket.

Eiliv Erdal

FRYKTAR FOR LAKSESTAMMEN: Eiliv Erdal er leiar for Nausta Elveeigarlag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Dette dokumenterer det vi har hevda i lengre tid, at det er eit utstrekt ulovleg fiske etter laks og sjøaure i fjordane i Sunnfjord.

Han seier lakse- og aurestammene i området er hardt pressa.

– Jølstra er med broten rygg og har 40 prosent innblanding av rømd oppdrettsfisk, og svært lite sjøaure. Også i Nausta er sjøaurebestanden liten, men laksebestanden heldigvis litt betre. Vi veit ikkje kor stort dette fiske faktisk er, men det er heilt klar ikkje bra at du får ein ureglementert fangst av bestandar som i utgangspunktet er truga, seier Erdal.

Meldt til politiet

Ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt i Florø stadfestar dei at dei har teke imot melding om saka.

Trond Hatlenes

VIL ETTERFORSKE: Trond Hatlenes er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Dette er noko vi ser alvorleg på, og som kjem til å bli følgt opp av lensmannskontor i Førde og Naustdal, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes.

Også politiet har tidlegare i sommar sjølve vore ute på elveoppsyn.

– Dei som er involverte i denne type saker, risikerer bøter.

Ulovlege garn

ULOVLEGE GARN: Garna som vart kverrsette hadde for stor maskevidd

Foto: Finn Olav Myhren

Umerka garn

Dei åtte garna som vart kverrsette i Førdefjorden, hadde for stor maskevidd, og var ikkje merka med namn slik dei skal.

Finn Olav Myren

KONTROLL: Finn Olav Myren i Vest skog, driv oppsyn for elveeigarane i Gaula, Jølstra, Nausta og Osen.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er nok lettare å merke eit lovleg garn. Maskevidda på desse garna var frå 40 til 60 millimeter. Lovlege maskevidd er 32 mm eller mindre, dersom ikkje garna blir senka ned, seier Myhren.

– Kor stort meiner du problemet med ulovleg fiske er?

– Eg synest det ser ut til å vere stort. Vi er i ein sårbar periode for laksen som er på veg inn fjordane. Det står no mykje laks framfor elevane, og er relativt lett fangbar. Laksen burde få kome opp i elvane der ein har eit system for forvaltninga, seier Myhren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.