NRK Meny
Normal

Oppsøkte og truga mann i heimen

To menn er arresterte i Florø etter at dei oppsøkte ein annan mann og truga han.

Laster kart, vennligst vent...

Hendinga skal ha skjedd tidleg onsdag morgon, og politiet rykte ut til adressa i Havreneset like før klokka 08.

Mennene som er arresterte er i 30-åra og i 50-åra. Dei blir no avhøyrde av politiet.

Etter det politiet fekk melding om skal mennene ha oppsøkt og truga ein mann i 30-åra som budde i huset. Partane skal kjenne kvarandre frå før. Dei to sikta mennene vart pågripne i nærleiken av åstaden.

Omstenda rundt kva som har skjedd er førebels uklare, seier politistasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon.

– Vi veit førebels ikkje kva som har skjedd på åstaden, og alle dei tre involverte sit no i avhøyr der vi prøver å finne ut av dette, seier Veseth til NRK.no klokka 09.20.

Ifølgje Veseth skal ingen personar ha blitt skadde.

Alle dei tre er kjente for politiet frå før av.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser