Hopp til innhold

Oppsøkte nattevakt på institusjon og slo til han

To personar kan vente seg oppgjer med politiet etter å ha utført vald og skadeverk ved ein institusjon i Selje.

– Det har tydelegvis vore ei usemje der og så har dei reist hit for å få tak i han, seier operasjonsleiar for politiet, Wenke Hope.

Dei to personane skal ha slege til nattevakta. Vedkommande vart ikkje alvorleg skadd, men kunne halde fram på jobb, ifølgje Hope.

Dei som kom til institusjonen skal også ha gjort skadeverk på bygget. Hope vil ikkje seie noko om alle tre framleis var til stades då politiet kom.

– Vi kjenner identiteten til dei to, men det er ikkje teke avhøyr av dei enno.

Laster Twitter-innhold