Og opprykksrivalane frå austlandet møter eit SIL-mannskap som held tippeliganivå, meiner sogndaltrenar Trond Fylling:
Kjetil Ruthford Pedersen er kaptein for eit lag som held seg sjølv som favoritt. Scanpixfoto Gorm Kallestad
God skadesituasjon
Sogndal er opprykksfavoritt til Tippeligaen og satsar også knallhardt på kortast mogleg opphald i 1.divisjon. Sjølv om dei har mist Alexander Ødegaard, så er laget styrka med habile spelarar som Tommy Knarvik, Joel Cedergren, Kristian Ystaas og Steinar Tenden. Og skadesituasjonen før seriepremieren søndag er heller ikkje urovekkjande.
20 spelarar klare
- Tommy Knarvik var ute med skade nokre dagar, men trenar no for fullt igjen. Ut over det er det berre dei "vanlege" skadene til Elvis, Raoul Kouakou og Øystein Vetti. Det ser veldig bra ut, vi har 20 mann som er klare for kamp, seier trenar Trond Fylling.
Første kampen viktig
Opprykksfavorittane Sogndal og Stabæk har nesten det doble å rutte med reint økonomisk i høve til konkurrentane. Med stor spelarstall av jamn kvalitet ligg det meste til rette for kort visitt i 1.divisjon. Men fotballen er som kjent rund. - Den første kampen er viktig for å få flyt, men det er ikkje slik at vi MÅ vinne. Det er trass alt mange kampar å gjere det på, seier trenar Trond Fylling.
Glad for tøff motstandar
Sogndal har møtt Kongsvinger i år, og Fylling såg laget i kamp i La Manga. - Det er eit lag som spelar med stor innsats, om lag på same måten som vi gjorde i fjor og året før. Kongsvinger er ein tøff motstandar, og er eg glad for at vi møter eit så godt lag i seriepremieren, for då får vi lagt lista der ho skal vere, seier SIL-trenaren.
Lite endring frå treningskampane
Trond Fylling har enno ikkje første-ellevaren sin heilt klar, men han seier at det neppe blir store endringar frå dei siste treningskampane. Det som er usikkert er om Tommy Knarvik og Kristian Ystaas er så friske etter skadane sine at dei kan ta ein plass frå start.