Hopp til innhold

Opprykk kan generere 3,5 millionar

Klarer Sogndal å rykkje opp til eliteserien, kan det gje 3,5 millionar kroner netto i kassa. Men pengane er ikkje det viktigaste...

Espen Olsen og Christer Ellefsen

VIKTIGE KAMPAR: Kvalifiseringa til eliteserien blir viktige kampar for Sogndal og Espen Olsen. Klubben kan ikkje berre få fleire millionar i ekstra inntekter i divisjonen - vel så mykje betyr entusiasme og slikt.

Foto: Rune Fossum/NRK

Sogndal kan gå glipp av ei nettoinntekt på 3,5 millionar kroner, dersom dei ikkje greier opprykket til eliteserien.

- Omsetnaden vil auke med om lag seks millionar, men netto betyr det litt mindre ettersom vi har litt andre utgifter med spel i eliteserien, sier dagleg leiar Yngve Hallén i Sogndal Fotball.

Satsar på overskot

Draumen om opprykk fekk seg eit skot for baugen, då Hønefoss vann seriefinalen mot Sogndal på søndag. No må Sogndal ut i kvalifisering - først mot Kongsvinger, deretter mot vinnaren av kampen mellom Fredrikstad og Sarpsborg 08.

Sogningane håpar framleis dei er gode nok til å ta steget opp i år.

- Vi skal framleis drive ansvarleg. I eliteserien skal vi også produsere eit overskot, slik at vi har til trongare tider, seier Hallén.

Oppunder 30 millionar

Men Hallén meiner det er andre grunnar enn dei økonomiske, som gjer at det er viktig for Sogndal å komme tilbake til eliteserien.

- Det viktigaste er all den entusiasmen og stoltheita. Dessutan kjem omdømme for Sogndal og heile fylket - det vil nok vere den største vinsten, seier leiaren.

Skulle Sogndal rykkje opp i eliteserien, vil klubben leggje seg på ein omsetnad på mellom 26 og 28 millionar kroner. Blir klubben verande i 1 .divisjon, betyr det ei omsetnad på mellom 20 og 22 millionar kroner.