Hopp til innhold

Ulrik Flo: – Det viktigaste er ikkje opprykk på første forsøk

Ulrik Flo meiner Sogndal Fotball kan vente både eitt og to år med å ta steget tilbake til Eliteserien. – Det viktigaste er å få på plass faktorar som gjer at ein kan utvikle seg både som spelar og klubb, seier han.

Ulrik Flo står skuffa på bana etter kampslutt

TOLMOD: Ulrik Flo var skuffa over nedrykket, og håpar både klubben, spelarar og supporterar ikkje har for høge forventingar om opprykk i 2015.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Med berre seks poeng på sine 17 siste kampar, var ikkje nedrykket til å unngå for Sogndal Fotball.

Når fotballen rullar att 6. april i år, er det 1. divisjon som ventar.

– Det var ikkje krise at vi rykte ned, men vi må ta lærdom av det som skjedde i år. Det er kanskje på tide med yngre krefter i form av Eirik Bakke. Kanskje om eit par år kan vi ta steget opp, for verkeleg ha noko der å gjere, seier Ulrik Flo.

Dyrke framtida

Det var det mange som trudde om Sogndal før 2014-sesongen. At dei verkeleg hadde noko å gjere i Eliteserien. I motsetnad til alle tidlegare år vart ikkje klubben spådd nord og ned.

Ein offensiv Ulrik Flo ymta før seriestart om at Sogndal endåtil kunne ta medalje. No håpar han klubben og alle rundt tek seg tid til å dyrke for framtida.

– Eg trur det viktigaste no er å byggje opp att eit utviklande Sogndal, med fokus på utvikle 4-3-3-formasjonen, unge spelarar og rett og slett dyrke framtida. Det er eit langsiktig prosjekt som eg har veldig tru på, seier Flo.

– Kan gå to-tre år

Tidlegare Leeds-proff Eirik Bakke blir manager i klubben og tek neste helg med seg disiplane på den årvisse helgesamlinga før sesongoppkøyringa tek til for alvor.

Eirik Bakke

MANAGER: Eirik Bakke har henta inn skotske Ian McParland som førstelagstrenar i det som truleg blir ein «engelsk modell» i det sportslege apparatet.

Foto: NRK

Bakke har stabla på beina sitt eige trenarapparat og har varsla både ein yngre og meir lokal profil når serien startar heime mot Bærum 6. april. Sesongen blir avslutta borte mot Levanger 1. november.

– Ingenting gir seg sjølv i 1. divisjon, men får ein ting på plass så kan det gå allereie på første forsøk. Det kan også gå både to og tre år, og det må ein vere klar over når ein står overfor så store endringar, seier Flo.

– Kva håp har du for sesongen?

– At vi kjem raskt på sporet i form av at vi får ting på plass, roller og spelarar. Ein god start i treningskampane, og at ein tidleg byrjar å setje ein førsteelvar.

Ser etter ny klubb

Sjølv tel Flo på knappane som Sogndal-spelar. Han har førebels ikkje fått konkrete tilbod, og har eitt år att av kontrakten med Sogndal.

– Eg er i min aller beste alder, så det er klart at skal eg ta eit steg, så er tida no. Eg trur det vil vere lønnsamt for begge partar dersom eg kan få noko for det eg har gjort her, samstundes som at Sogndal får betalt for det dei har gjort med meg, seier han.