Hopp til innhold

Brukar titals millionar på ferjekai - men snart kan det komme bru her

Vegvesenet rustar opp ferjekai for titals millionar der det kanskje vil kome ei bru.

Opprusting på Anda ferjekai

KOSTBART: Kostnaden på opprustinga av Anda ferjekai vil truleg kome på rundt 85 millionar kroner.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Samstundes som Vegvesenet utgreiar bru over Nordfjorden, brukar dei over 80 millionar på å ruste opp Anda ferjekai.

LES OGSÅ: – Realistisk med bru over fjorden

– Kastar bort mykje pengar

På ferjekaia lurer fleire av bilistane på kvifor dette vert gjort når det er bru over Nordfjorden alle snakkar om.

– Dersom brua kjem så kastar ein jo bort mykje pengar her, seier ein bilist til NRK.

Politikarane på Vestlandet vil at E39 skal bli ferjefri i framtida, og bru over Nordfjord er noko av det mest realistiske.

No gjer altså Statens vegvesen to ting på same tid. Dei bygger ny ferjekai på Anda samstundes som dei utgreiar ferjefri kryssing av Nordfjord i ei såkalla konseptvalutgreiing som snart er venta offentleggjort.

Utgreiinga skal klargjere om ei bru er mogleg og kor den skal byggjast, anten mellom Lote og Anda eller i Stryn lenger inne i fjorden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Frp reagerer

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, meiner Vegvesenet gjer ei tabbe når dei no brukar 85 millionar på Anda før det er bestemt kva som skal kome i framtida.

Frank Willy Djuvik (Frp)

REAGERER: Frank Willy Djuvik reagerer på at ein brukar pengar på ei kai som i framtida kanskje ikkje vert brukt.

Foto: Oddleif Løset/NRK

– Eg skjønar reaksjonane til bilistane. Eg rista ganske mykje på hovudet sjølv, Seier Djuvik.

Han syner til at det er ei tverrpolitisk satsing langs heile Vestlandet om at ein skal ha ein ferjefri E39.

– Då er det ganske meiningslaust å bruke 85 millionar kroner på ei ferjekai som kanskje ikkje vert brukt om ein sju-åtte år, meiner Djuvik.

Djuvik meiner pengane heller kunne vore brukt på heilt andre vegutbetringar langs E39 traseen.

Er ikkje uroa

Han mistenkjer Statens vegvesen for å byggje ny kai som eit trekk mot å seinare kunne byggje bru i indre Nordfjord.

Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, er på si side ikkje bekymra i det heile.

– Med den auken i trafikken og den mengda med tungtrafikk som er komen var det heilt naudsynt å gjere noko både med oppstillingsplass og ombordkøyring på ferja, seier Ryssdal.

Anders Ryssdal

IKKJE UROA: Anders Ryssdal meiner det er naudsynt å ruste opp Anda ferjekai

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Men kommunane har sagt at dei i 2020 ynskjer at spaden for bru skal kome i jorda. Det er jo berre ein sju-åtte år etter kaia er ferdig. Kunne ein ikkje venta?

– No er det sånn at brua er ikkje vedteke enda. Kommunane jobbar for å få på plass bru og vi har eit mål om å få spaden i jorda rundt 2020, seier Ryssdal.

Han fortel vidare at Vegdirektøren seier at det kan gå enda nokre år til. Med den trafikken som E39 har og med den trafikken ein reknar med skal bli framover så er det viktig at kaiene er i orden meiner Ryssdal.

Han ser også føre seg at den nye ferjekaia kan ha ein etterbruksverdi.

– Det vil bli god plass til ei djupvasskai som vil vere til stor nytte for store delar av Nordfjord, seier Ryssdal.

Opprusting av Anda ferjekai

FORBETRING: Arbeidet med å forbetre Anda ferjekai er i full sving.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Delte meiningar på kaia

Ved Anda ferjekai er meiningane til bilistane delte. Nokre meiner at ein ikkje kan vente med kaia då ein ikkje veit når og kvar brua kjem, medan andre meiner ein burde venta med utbetringar på kaia til brusituasjonen var avklara.

Frank Willy Djuvik på si side er ikkje i tvil.

– Det er viktig med ei god ferjekai, men eg har tydelegvis litt større ambisjonar enn det Statens vegvesen har. Eg synest det er tullete å bruke masse pengar på å lage planar som aldri vert gjennomført, seier Djuvik.

Han held fram med at det no må byggjast vegar, planleggast vegar og bestemmast kvar vegane skal gå og ikkje dra dette ut i all framtid.

Avdelingsdirektør i styrings og strategistaben i Statens vegvesen, Paal Fosdal, forsvarar at dei rustar opp ferjekaia på Anda.

– Vi må uansett gjere noko med ferjekaia slik den er i dag. Den kostnaden det er å setje i stand kaia slik at den er god og funksjonell for trafikantane er relativt avgrensa sett opp i forhold til kva ei bruløysing skulle koste om den skulle kome ved Anda-Lote, seier Fosdal.