NRK Meny
Normal

Krangla med politiet for å få berge eigne hus - bygdefolk opprørte over handlemåten

Mange innbyggjarar i Lærdal har vanskeleg med å forsone seg med at dei vart jaga vekk frå husa sine under storbrannen. Folk krangla med politiet for å få lov til å berge husa sine.

Brannen i Lærdal

FULL FYR: På kort tid stod ei rekkje hus i Lærdal i full fyr. Bygdefolk er frustrerte over at politiet jaga dei vekk då dei forsøkte sløkkje flammane.

Foto: Picasa / NRK

Fleire NRK har snakka med meiner politiet var for strenge med å beordra evakuering då flammane herja på Lærdalsøyri natt til sist søndag.

I den sterke vinden spreidde brannen seg raskt, og fleire huseigarar prøvde sjølve berge husa sine. Ein av dei som ikkje forstår kvifor alle skulle vekk frå brannen er Ingebrigt Wangensteen Gjerde.

– Det som har plaga meg i ettertid er politiet sin oppførsel. Dei tvinga vaksne mannfolk som stod med vasslangar og vassbøtter og prøvde berga husa sine, vekk, seier han opprørt.

Meiner politiet var for strenge

Samtidig som store brannmannskap kjempa mot flammane gjekk Ingebrigt Wangensteen Gjerde og mange andre med eige sløkkjeutstyr for å berge husa i nabolaget.

Politiet svarte med å jage dei vekk, noko Wangensteen Gjerde synest er vanskeleg å forsone seg med. Sjølv om han greidde berge sitt eige hus.

– Også familien min gjorde ein kjempejobb ved at dei stogga ein grasbrann rundt huset til dottera mi. Hadde den spreidd seg vidare nedover, kunne heile det verna området på Øyri gått med, meiner lærdølen.

(Artikkelen held fram under)

Såg flammane ta tak i kulturhuset/Villakssenteret i Lærdal

SÅG FLAMMANE TA TAK: Roy Trulssen stod på andre sida av dalen og såg korleis flammane spreidde seg til kunstsenteret og Villaksenteret (innfelt). Då han ville varsle, vart han stogga av politiet.

Foto: Roy Trulssen

– Eg vart forbanna

Fleire i lokalsamfunnet såg at elden fatna i ulike bygningar og prøvde sjølv å gripe inn. Roy Trulssen stod ovanfor Lærdal sentrum ved elva og såg flammar på taket til Sogn kunstsenter og Villakssenteret som er i same bygg.

Men då han køyrde for å varsle vart han stogga av politiet.

– Politimannen eg møtte sa at heile sentrum var evakuert. Eg sa eg ville bort og varsle om at det hadde teke fyr i kulturhuset, men fekk beskjed om at eg ikkje fekk gjere det fordi det var så farleg at dei hadde evakuert alle, fortel Trulssen og held fram:

– Eg vart forbanna og sa til han at han ikkje kunne la eit bygg til 50 millionar brenne ned når det kunne reddast på eitt minutt.

Trulssen fortel at politimannen etter kvart køyrde vidare, og sjølv køyrde han då bort til senteret. Der fekk han varsla mannskap frå Sivilforsvaret, og saman fekk dei sløkt flammene på taket av bygget.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinar Bjørkum og Olaf Fossen i Lærdal

TRASSA POLITIET: Olaf Fossen (til høgre) og svigersonen Steinar Bjørkum gøymde seg i ei bod då politiet ville jage dei vekk.

Foto: Silje Guddal / NRK

Trassa politiet for å berge huset

Heller ikkje Olaf Fossen er nøgd med å ha blitt vekkvist frå brannområdet. Han trassa politiet og gøymde seg i staden i ei bod saman med svigersonen. Kvar gong flammane blussa opp rundt husveggane sprang dei ut for å slå ned flammane.

– Politiet kunne sjå oss då vi var ute, men vi kunne ikkje sitje her og sjå på at huset brann, fortalde han til NRK.no sist veke.

– Eg er veldig forundra over politiet si vurdering då dei jaga oss vekk. Vi stod tre vaksne mannfolk, ein med spyleslange, og to med sløkkjeapparat, men vi fekk ikkje vere her.

Men Fossen nekta altså å etterfølgje politiet sine ordre, og fekk berga huset.

– Kva om nokon hadde mista livet?

Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth står fast ved vurderinga om å evakuere folk som ville berge husa sine.

Sjølv om han forstår kor frustrerande det må kjennast.

– Eg forstår det godt, men eg trur vi skal stille spørsmålet den andre vegen. Kva hadde skjedd om politiet ikkje hadde evakuert innbyggjarane i den kaotiske situasjonen som var, og nokon hadde mista livet? Kva ville då ha blitt stilt av spørsmål om politiet sin handlemåte, seier Løseth.

Han meiner folk må ta inn over seg kor dramatisk og kaotisk situasjon var.

– Eg trur vi skal slå fast at situasjonen var heilt uoversiktleg og kaotisk. Brannane spreidde seg raskt, og ingen visste kor neste brann ville ta til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åge Løseth

BERGE LIV: Var det som kom først for politiet, seier Åge Løseth når han svarar på innbyggjarane sin kritikk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Viktigast å berge liv

– I ein slik situasjon er det ein ting som betyr noko for politiet i den første fasen, og det er å berge liv, seier han.

Han har likevel stor forståing for at mange er misnøgde med at dei vart jaga vekk, til trass for at det sjølve følte dei kunne bidra med å redde eige og andre sine hus.

– Men om ein ser dette i det store biletet, og på kva konsekvensar det kunne fått om vi ikkje evakuerte, så trur eg svaret gir seg sjølv, seier regionlensmannen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser