Ole Sverre Haga. Foto: NRK
Ortoped Rune Muri og barnelege Ole Sverre Haga frontar legeaksjonen, og har fått innkalling til direktør Jon Bolstad før fakkeltoget måndag.
Kritiserer leiinga
21 legar ved Nordfjord sjukehus har på denne uvanlege måten stilt seg ilag med folket mot Helse Førde. I open konfrontasjon kritiserer dei måten leiinga vil rasjonalisere vekk funksjonar ved sjukehuset, mellom anna akutt kirurgi.
Manglar tillit
Barnelege Ole Sverre Haga seier rett ut at det ikkje lenger finst tillit til eiga leiing. Legen som har lang fartstid ved sjukehuset i Nordfjord, er ikkje redd for at opprøret skal få følgjer for dei 21 legane.
Sp-leiar stiller
Fakkelaksjonen går som planlagt måndag kveld. Leiar i Senterpartiet, Åslaug Haga har meldt frå at ho vil stille i toget ilag med legane.