– Vi fryktar at dette er byrjinga på slutten for aluminiumsproduksjonen i Årdal, seier støyperitillitsvald Hilmar Høl.
Mellom 20 og 25 arbeidsplassar forsvinn dersom Hydro gjer alvor av å kutte ut den eine av to maskiner, som kvar gir eit overskot på 50 mill kr i året.
Hydro vil ikkje byggje nytt
Frå 2007 blir ein del av aluminiumproduksjonen i Årdal stansa. Det er den eldste teknologien – dei såkalla Søderberg-omnane – som ureinar så mykje at SFT set stoppar for dei, og Hydro vil ikkje byggje opp ny produksjon med moderne teknologi til erstatning. Dermed blir den samla produksjonen av råaluminium i Årdal redusert frå dagens 225.000 tonn til 185.000 tonn i året.
Det er denne reduksjonen som gjer at Hydro Aluminium også vil skjere ned på produksjonen av støypelegeringar frå same tidspunktet. Og dette er det mest høgverdige aluminiumproduktet frå Årdal, og det dei får best pris for.
Det er vel 120 tilsette knytte til støyperiet i Årdal. Dersom den eine av dei to maskinene blir kutta ut frå 2007, reknar Hilmar Høl med at 20 til 25 av dei misser jobben. Dette kjem i tillegg til dei arbeidsplassane som forsvinn i elektrolysen. Tysdag kveld var dei som arbeider i støyperiet som er organiserte i Årdal Kjemiske fagforening samla, og Hilmar Høl fortel om ei både opprørd og oppgitt stemning på møtet.
– Det var sterke reaksjonar på medlemsmøtet, seier Høl.
– Støypelegeringar er gull
Hilmar Høl meiner at sjølv om produksjonen av råmetall blir redusert i Årdal, så bør Hydro halde oppe produksjonen av det som dei i støyperiet kallar gull, og som kvart år gir eit overskot på 100 millionar kroner. Men aller helst vil han og dei tilsette at Hydro går tilbake på sitt nei til å byggje opp ny metallproduksjon i Årdal.
– Det er klart og tydeleg dokumentert at det er lønsamt, seier Høl.