Hopp til innhold

Opprør mot kuttforslag ved Fundo

Over 200 skiftarbeidarar ved Fundo Wheels i Høyanger risikerer å måtte jobbe lengre for å behalde løna. No har 150 tilsette skrive under på eit opprop mot forslaget.

Fundo
Foto: Cosmin Cosma, NRK

- Vi konkurrerar med fabrikkar i Aust - Europa der dei tilsette har ein tidel av løna her, seier administrerande direktør i Fundo, Arvid Ullebø.

Ullebø ynskjer ikkje å gå i detalj på kuttforslaga, men i følgje Firda er eit av dei å få slutt på betalt lunsjpause gjennom å innføre eit ekstra skift på fredagane. Dessutan skal ferieordninga leggjast om, noko som fører til meir arbeid og mindre fritid.

- Eg fryktar for kva som kan skje med arbeidsmiljøet. Det er viktig at vi trivast og ikkje konstant vert trakka på av leiinga. Dei må ta betre omsyn til sine tilsette, seier Lars Thomas Tanskanen, som har jobba ved fabrikken i fem år.