Hopp til innhold

Opprettar utval som skal sjå på tryggleiken for sjåførar og passasjerar

No blir det oppretta eit tryggingsutval som sjå på tiltak for å tryggje både passasjerar og sjåførar.

Bussen ved Holsbruvatnet

TRE DREPNE. Bussjåføren og to passasjerar blei drepne mellom Årdal og Tyin måndag. No vil eit utval sjå på tryggleiken.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det er busselskapet Norway bussekspress og fleire fagforeiningar som står bak, skriv bt.no.

– Vi skal gå gjennom alle moglegheiter for korleis vi kan sikre både sjåfør og passasjerar betre, seier Bjørn Ragnar Østbye i busselskapet til nettavisa.

Måndag kveld blei bussjåføren og to passasjerar drepne på Valdresekspressen. Ein 30-åra gammal asylsøkjar frå Sør-Sudan blei pågripen.

Østbye seier det er vanskeleg å gardere seg hundre prosent mot slike hendingar og seier det som har skjedd, er eit samfunnsproblem som handlar om meir enn tryggleik på bussane.

– Hendinga i går var svært spesiell og tragisk. Vi håper folk ikkje blir redde og engstelege etter det som har skjedd. Mange vil nok tenke det, men det er trygt å ta bussen, seier han.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valdresekspress-kapringen» i nytt vindu