Hopp til innhold

Opprettar klassar på Eid og i Sogn

Hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune har gått inn for å opprette to av klassane som var foreslått nedlagt av administrasjonen. Det betyr at det likevel blir ei klasse på VG2-nivå i media og kommunikasjon i Sogndal til hausten. Det betyr også at elevar på Eid Vidaregåande skule får halde fram på linja data og elektronikk. Administrasjonen ville ikkje opprette desse to, men fylkespolitikarane gjekk samrøystes inn for å gjere det likevel.

Alfred Bjørlo og Sone Øvre-Flo
Foto: Aleksander Åsnes / NRK