Hopp til innhold

Politiet: Meld frå om trafikkuhell

Dei siste dagane er det fleire trafikkuhell som ikkje er meldt til politiet. – Det er viktig at vi får beskjed, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes.

Trond Hatlenes (montasje)

MELD FRÅ: Når det er vanskeleg køyreforhold er det fleire som hamnar i grøfta. Operasjonsleiar Trond Hatlenes ønskjer at folk melder frå sjølv om det ikkje har vore personskade.

Foto: Rune Fossum/politiet

Berre i dag har er det to hendingar politiet ikkje har fått melding om – ei utforkøyring og pallar som ramla av ein lastebil i Naustdalstunnelen.

– Det er viktig at politiet får meldingar om det som skjer i trafikken, seier Hatlenes.

Politiet ønskjer å bli informert når køyretøy er involvert i trafikkuhell, både dei med og utan skade. Hatlenes seier dette er viktig av fleire grunnar.

– Vi treng å vite om sjåføren har alt i orden - som førarkort, om vedkommande er edru, har rett dekk etter forholda og om den tekniske tilstanden på køyretøya er god.

Han tykkjer det er uheldig at politiet ikkje får beskjed om trafikkuhella.

– Det kan vere ulike grunnar til at folk ikkje melder frå, men det kan også vere at dei ikkje er klare over at dei bør gjere det.

– Kven si plikt er det?

– Dei som er involverte skal varsle, men det er også greitt at forbipasserande undersøkjer om rette instansar har blitt varsla, seier han.