Hopp til innhold

Utkant opplever tidenes førehandssal

Billettane til årets Utkant går som varmt kveitebrød. – I fjor hadde vi seld 500 festivalpass på denne tida. No har vi under 500 att, seier festivalsjef Viggo Randal.

Utkant 2014

UTKANT: Rockefestivalen Utkant har gått frå rekord til rekord sidan dei starta opp i 2007. Mykje tyder på at året i år ikkje blir noko unntak.

Foto: Gøril Sætre/Utkant

Det er ikkje berre helgas Malakoff som opplever godt førehandssal.

Med vel ei veke att til Ida Jenshus og Bob Geldof entrar scena som dei første store namna, er nemleg storparten av dei 3 000 festivalpassa til Utkant rivne bort.

– Det er ganske tydeleg at folk tykkjer det er kjekt å vere hos oss og tek med seg ekstra vener kvart år. Etter kvart blir det ganske mange venner her ute, seier ein godt nøgd festivalgeneral, Viggo Randal.

Frå rekord til rekord

Viggo Randal

LETT BLANDING: – Vi ser til dømes mykje folk frå Florø, men samstundes større geografisk spreiing. Sel mykje billettar i Tønsberg, Oslo og Nord-Norge, fortel festivalsjef Viggo Randal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Festivalen har gått frå rekord til rekord sidan oppstarten i 2007. Då som ei festramme kring avdukinga av Knut Steens

kontroversielle statue av folkekongen Olav V.

I fjor hadde dei 14.300 publikumarar innom i løpet av festivalen . Tala lovar godt også for i år.

– Totalt selde vi nær 3 000 festivalpass i fjor, men vil ikkje leggje ut fleire enn det for sal. Vi må sikre at dei som har festivalpass også får campingplass og båtplass, seier Randal.

Knapt med tid

Festivalsjefen trur eit variert og godt program er ei medverkande årsak til at festivalen lokkar stadig fleire tilreisande.

Prepple i DumDum Boys på Bergen Music Fest.

DUMDUM: Prepple Houmb og DumDum Boys går på scena laurdag 25. juli.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Og litt at Utkant blir oppfatta som ein spesiell festival i forhold til dei andre festivalane. Fleire bestemmer seg for å komme tilbake allereie før dei reiser året før, legg Randal til.

– Kan ein risikere at festivalen blir utseld allereie før den kjem i gang?

– Eg trur vi skal klare å ha dagspass att, men festivalpass må ein nok sikre seg denne veka.

Avgrensar rekorden

Bob Geldof

GELDOF: Bob Geldof står på scena opningsdagen 22. juli.

Foto: Pressefoto

Randal meiner dei har plass til kring 4 000 innom festivalområdet kvar dag. I tillegg til 3 000 festivalpass, har festivalen plass til 700–800 daglege dagspassbesøkande.

– I snitt har vi seld mellom 300 og 400 av desse. Det betyr at vi har kring 500 dagspass tilgjengelege for kvar dag, seier han.

– Blir det rekord i år også?

– Vi prøver å begrense oss så det ikkje skal bli så veldig rekord, men vi ventar ein auke på onsdagen i høve til i fjor. Det vil gjere litt for publikumstalet.

Utvidar parkeringsplass

Som følgje av pågangen har festivalen sett seg nøydde til å utbetre ein av parkeringsplassane. Det gir rom for 30 ekstra bilar.

– Dei som har vore her veit at parkeringsplassar ikkje er det vi er best på her i utkantstrok, sjølv om vi har lagt beslag på all flatmark i nærleiken av festivalområdet, humrar Randal og avsluttar:

– Så i dag har eg leigd ein hjullastar og ein lastebil for å byggje litt ut på eine parkeringsplassen. Vi må få køyrt nokre hundre kubikk stein i dag.