Hopp til innhold

Opplever stadig meir farleg køyring

Ein utanlandsk førar som køyrer for eit norsk firma må betale eit førelegg på 40.000 kroner for fleire brot på køyre- og kviletidsreglane.

Tormod Gausdal

UROA: Tormod Gausdal i Statens vegvesen likar ikkje at det blir stadig meir brot på køyre- og kviletidsreglane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Føraren vart stansa i Lærdal i går. Han vart også fråteken førarrett i Norge i eitt år.

Seksjonsleiar Tormod Gausdal i Statens vegvesen seier sjåføren ikkje hadde hatt lengre samanhengande kvile enn fire timar dei siste to døgna, og at han dermed ikkje var særleg godt skikka til å køyre.

– Tydeleg at han var veldig trøytt

– Han har også køyrt veldig mykje mellom to vekeskvilar. Maks køyretid der er 144 timar og han har køyrt 214 timar og vel så det. I tillegg har han innrømt at han har brukt ein annan sitt førarkort, noko som vart avdekka på staden og førarkortet var inndrege, fortel Gausdal.

Kontrollørane på staden har fortalt at det var ganske tydeleg at føraren var veldig trøytt. Gausdal opplever stadig meir av slike regelbrot på vegane.

– Eg må seie at vi oftare og oftare på kontrollane våre avdekkjer brot i denne kategorien, kanskje ikkje så grovt som dette, men likevel ting som set trafikktryggleiken i fare, fortel seksjonsleiaren.

Ikkje berre førarane sin feil

Og Statens vegvesen har inntrykk av at det ikkje alltid er førarane sin feil.

– Ja, vi sit vel med det inntrykket at det sit arbeidsgjevarar og kanskje fraktarar, som pressar fram leveringstidspunkt, seier Gausdal.

Dermed blir dei ståande mellom barken og veden, fortel han.

– For vi veit jo dette og føler med desse førarane. Då blir det viktig for oss å handtere desse på ein god måte, men samstundes sette ein stoggar for vidare køyring.

.