Hopp til innhold

Opplever meistring med gardsarbeid

ANGEDALEN (NRK): Grøn gard i Angedalen har fleire dyr, mange aktivitetar og har fokus på det sosiale. Dit kjem det brukarar som verkeleg får boltre seg i naturskjønne rammer.

Grøn Gard

GARDSARBEID: Therese bur på garden i Angedalen og ein av jobbane er å fôre dyra med melon, bananskal og havregryn.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Grøn gard er eit tilbod til born og unge med behov for tilrettelagd opplegg. Nokre slit med å passe inn i A4-skulen, medan andre treng litt avlasting heimanfrå.

– Vi legg opp dagen ut ifrå kva behov dei har slik at dei skal oppleve meistring, bli sett og trivst. Vi er mykje ute i skog og mark på tur og gjer alt ein må gjere på ein gard, fortel Martha Bjørvik Angedal, som eig garden.

Jobbar med gardsarbeid

Egg på Grøn Gard

FERSKE EGG: På Grøn gard samlar dei inn egg og får eit klart bilete av korleis naturen heng saman.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

I løpet av ein månad besøkjer 17 ungdomar garden. Nokre er der ein gong i veka, andre ei helg no og då.

Utanom å gå på tur og lage mat er det mange dyr på garden som treng stell. I Angedalen har dei esel, minihest, minigris, ammekyr, høner, kaninar og nokre sauer.

– Vi har mange ulike dyr fordi nokre tykkjer kanskje at kyrne er skumle og då kan det vere fint å ha dei små dyra. Det er også veldig kjekt for dei som er her å samle inn egg slik at ein ser korleis ting heng saman, fortel Angedal.

Det er kommunen som kjøper tenestene frå Grøn gard, slik at ungdomane skal få vere på garden. Angedal fortel at det ikkje er eit problem å få kommunen til å skjøne behovet.

– Det er ofte økonomien som styrer og då blir det eit spørsmål om prioritering. Det er også ei utfordring at det er stor skilnad på kommunane kvar ein legg fokuset, men også frå saksbehandlar til saksbehandlar, seier ho.

– Godt miljø og flinke folk

Therese har vore på garden av og på i fire år. Sidan august har ho budd der fast på ein hybel, og ho trivst godt i Angedalen.

– Det er veldig fint å bu her, det er eit godt miljø, og flinke folk som jobbar her. Det er kjekt når andre ungdomar kjem på helgebesøk eller dagsbesøk, men det kan bli litt stress når alle skal bli einige om kva vi skal finne på, seier Therese.

(Artikkelen held fram under biletet)

Grøn Gard

FAVORITTEN: Martha Bjørvik Angedal og Therese saman med favoritten på garden – katten Alfa.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Ho har nett servert frukost til grisane og kaninane, og ho likar seg saman med alle dyra på garden.

– No har Gyda og Gunnar fått mat beståande av honningmelon, bananskal og havregryn inne i buret saman med kaninane. Av og til blir det krangel om maten, men det går som regel veldig fint, fortel Therese.