NRK Meny
Normal

Opplever mannefall før viktig kamp

Brann vil vere utan mange faste spelarar når dei søndag kjem til Sogndal og den viktige serieavslutninga i eliteserien i fotball.

Brann mot Tromsø 11.11.2012

TAPTE: Tromsø påførde Brann sitt tredje strake tap i sesonginnspurten med 2–0 på Brann stadion.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Med tap borte for Stabæk hamna Sogndal på kvalifiseringsplass ettersom Sandnes Ulf slo Strømsgodset.

Også Fredrikstad vann sin kamp mot Rosenborg på Lerkendal, noko som igjen plasserer Sogndal med begge bein i nedrykksstriden att.

Ei lita hjelp på vegen i kampen om fornya eliteseriekontrakt, kan vere at eit Brann-lag tilsynelatande ute av form, kjem til Fosshaugane med sterkt redusert mannskap til helgas viktige kamp.

– Piotr (Leciejewski), Amin (Askar), Tomasz (Sokolowski) og Markus (Jonsson) er alle ute, seier Brann-lege Fjeldsgaard til bt.no.

Brann spelte med heile ni lokale spelarar mot Tromsø. Også Hassan El Fakiri og Fredrik Nordkvelle er usikre framfort turen til Sogndal. Midtstopparkjempa Zsolt Korcsmar stod over mot Tromsø, men er klar at mot Sogndal.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå