Hopp til innhold

– Det var rett og slett uhyggjeleg

VÅGSØY (NRK): Karen Holvik ante fred og ingen fare då ho høyrde fleire smell og oppdaga at det brann i marka bak huset. Ei uhyggjeleg oppleving, seier Holvik. Tørken har ført til mange brannar dei siste dagane.

Brann Vågsøy, Jon Inge Henden, Karen Holvik, Hans Ole Oddevik

OVERVAKAR: Nabo til brannen Karen Holvik syntest det var uhyggjeleg då det søndag byrja å brenne i terrenget i Holvik i Vågsøy. Måndag morgon var varabrannsjef Jon Inge Henden (t.v.) og Hans Ole Hoddevik og fleire frå brannvernet på plass for å overvake området.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det var søndag ettermiddag det tok til å brenne to stader i Vågsøy. Ein lyngbrann i nærleiken av Måløy sentrum vart raskt sløkt, mens brannen i Holvik var meir standhaftig. På det meste var femti mann og eit helikopter i arbeid før dei like før midnatt fekk kontroll på lyngbrannen i Holvik. Om lag 160 mål var i brann.

– Vi sat på altanen og skulle ha ein kopp kaffi, og plutseleg høyrde vi tre smell. Det høyrdest ut som det var ein slåmaskin som var vanskeleg å starte, og så kom det eit stort smell til slutt, fortel Karen Holvik.

– Det var rett og slett uhyggjeleg med det same. Eg såg røyken kom opp, og her er tett busetnad, seier ho.

Vart varsla

Holvik seier dei tenkte på om dei ville bli evakuerte

– Eg høyrde at oppe i bygda så vart det evakuert, fortel ho.

Varabrannsjef Jon Inge Henden i Vågsøy, stadfestar at eit par hus i området vart varsla.

– Det var med tanke på retninga. Det skulle ikkje mykje til for å vri seg den vegen vi ikkje ville det skulle gå. Det var ikkje den store faren, men det gjeld å vere litt i forkant. Dei fekk flytte inn igjen i natt, seier Henden.

Varabrannsjefen fortel at dei fleire gonger trudde brannen var sløkt, med at det stadig blussa opp nye flammar. Henden seier det har vore utfordrande å jobbe i det bratte terrenget.

Femti mann og eit helikopter er i arbeid, men brannvesenet har framleis ikkje kontroll på lyngbrannen i Holvik i Vågsøy.

Mannskap overvakar

Natt til måndag var to personar frå brannvesenet og 12 personar frå Sivilforsvaret i området for å hindre at brannen skulle blusse opp igjen. Måndag morgon er det framleis mannskap på staden.

– Det som skjer no, er at vi har fem mann ute i terrenget som overvakar som skjer. I tillegg har starta med å dynke området med hjelp av helikopter, seier Henden.

– Kor hektisk har det vore?

– Det er klart, vi fekk to utrykkingar samtidig. Vi fekk slått ned den eine ganske kjapt, og halve styrken begynte her ute. Lokalbefolkninga var veldig til hjelp både med å få fram utstyr og med å sløkkje. VI må rette ein stor takk til dei òg.

Lyngbrann i Måløy

BRANN I MÅLØY: Det brann også i nærleiken av Måløy sentrum søndag.

Foto: Eva Westvik

Begge brannane i Vågsøy skal ha starta i høgspentleidningar