Hopp til innhold

Arild og Elin opplevde marerittet da ranarane kom om natta

Arild Opheim og Elin Gjuvsland opplevde ransmarerittet då to menn braut seg inn i heimen medan dei sov. I to timar sat dei bundne og knebla medan dei aggressive ranarane truga og herja.

Elin Ruhlin Gjuvsland og Arild Opheim

VART RÅKA: Arild Opheim frå Stryn og kjærasten Elin Gjuvsland opplevde marerittet i eigen heim. To menn braut seg inn om natta medan dei sov.

Foto: Sindre Leganger/NRK

Natt til måndag vart to familiar frå Sogndal brutalt rana medan dei sov i eit hus i Malaga i Spania. Ein aggressiv og væpna mann braut seg inn og truga dei til å gje frå seg verdisaker.

For Arild Opheim frå Stryn vekker dette vonde minne. Ei førjulsnatt i 2011 vart han og kjærasten Elin Gjuvsland bakbunden og knebla i eiga seng. Elin fekk eit tøystykke putta i munnen.

– Vi vakna av lydar i stova. Der såg vi at skuggar romsterte rundt. To menn i hettegenserar overmanna oss før vi rakk å reagere, seier Arild Opheim.

– Dei var på jakt etter verdisaker, kredittkort og alt anna dei kunne finne. Eg vart tvungen til å forklare kvar tinga låg, fortel Arild.

Marerittet varte i nesten 2 timar.

– Men det følast som ei æve. Tid blir relativt i slike situasjonar, seier Opheim.

Brutalt i Spania

Under dramaet i Spania natt til måndag retta ranaren pistolen mot hovuda til fleire av familiemedlemmane frå Sogndal.

Ein familiefar vart slegen tre gonger i hovudet med pistolen og ei tenåringsjente vart dratt etter håret medan ranaren truga med å kidnappe ho.

Tre mindreårige vart vitne til den dramatiske hendinga.

Arild Opheim og Elin Gjuvsland veit kva ein går i gjennom under slike augneblink.

– Det er uverkeleg og surrealistisk. Vi var fleire gonger overbevist om at vi kom til å døy. Vi var paralyserte, men samstundes måtte vi vere konstruktive for å overleve. Det er det verste eg har opplevd, seier Opheim.

Soverommet der Arild og Elin ble holdt fanget

ROT: Slik såg det ut på soverommet til Arild og Elin etter skrekkopplevinga.

Foto: Politiet

Dei to ranarane som braut seg inn i leilegheita var ikkje synleg væpna. Men dei var aggressive. På klønete engelsk med innslag av arabisk og spansk forlanga dei å få vite kvar verdisakene låg.

– Kva skjedde med dykk etter ranet?

– Det var rart å komme ut og sjå at verda gjekk vidare upåverka av det vi vart utsett for. Vi fekk råd og tips om å ta grep og ikkje vere offer. Men hendinga sat i kroppen i både eitt og to år.

– Det merkelegaste var korleis kroppen vart redd for lydar. Lyden av ei flaske knust på andre sida av gata fekk meg til å kaste meg ned i nesten fosterstilling. Fyrverkeri på konsert eitt år etter skremte meg. Og ein søv dårlegare.

Skreiv bok

Sju år etter skrekknatta er Arild komen over hendinga og han tenkjer sjeldan på den. Han og kjærasten Elin Gjuvsland, som begge var journalistar i NRK den gongen, skreiv bok om hendinga etterpå.

Elin Rhulin Gjuvsland og Arild Opheim

BETRE NO: Det er viktig å prøve å bli den sterke i hendinga, seier Arild Opheim, her saman med Elin Gjuvsland.

Foto: Kaland, Ole / Ole Kaland, NRK

– Heimeran skjer svært sjeldan. Er det likevel nokre råd du kan gje?

– Eg trur det hjelper å ikkje sjå på seg sjølv som eit offer. Ta grep om situasjonen og prøv å bli den sterke i det du opplevde, seier Opheim.