Hopp til innhold

Opplev festivalstemninga frå Malakoff

Denne helga er det storinnrykk av rockeglade i aldrar på Nordfjordeid. NRK Sogn og Fjordane er til stades for å dekke Malakoff Rockefestival – på nett og sosiale medium.

Solveig Svarstad og Mattias Bergset

GIR DEG FESTIVALSTEMNING: Solveig Svarstad og Mattias Bergset frå NRK Sogn og Fjordane er på Malakoff heile helga.

Foto: NRK

Reporterane Solveig Svarstad og Mattias Bergset er på festivalen heile helga. Dei leitar etter dei gode historiene og bileta som vi kan dele på nettsida vår og sosiale medium.

– Ta gjerne kontakt med oss i løpet av helga. Vi er interesserte i vise fram ekte festivalglede, seier Solveig og Mattias.

Du kan følgje oss på Facebook, Instagram og Snapchat. (Sjå faktaboks).

Del bileta dine med oss - #nrksf

Vi ønskjer også å vise fram festivalgjestene sine eigne bilete. Du kan anten bruke #nrksf når du merkar bileta dine på Instagram eller send oss blinkskotet ditt til sf@nrk.no.

Søndag ettermiddag trekkjer ut tre heldige som får kvar sin DAB-radio.

Sjå SommarLutt-konserten

Gjekk du glipp av SommarLutt-konserten? Då kan du sjå den i opptak her.

Kjartan Lauritzen, Tina Refsnes, Indigo Child, NRWY, Michael André Kildal og I SEE RIVERS stod på scena i år, alle artistar frå Sogn og Fjordane.

Kjartan Lauritzen, Tina Refsnes, Indigo Child, NRWY, Michael André Kildal og I SEE RIVERS stod på scena under årets konsert.

SJÅ KONSERTEN: For sjette året på rad arrangerte NRK og Malakoff Rockfestival NRK SommarLutt direkte frå sentrum av Nordfjordeid. I år stod seks band på scena med unge musikarar frå store deler av fylket.

Her ser du bilete merka med #nrks på Instagram:

Laster innhold, vennligst vent..