– Oppland må jobbe for stamveg mellom Bergen og Trondheim

Gudbrandsdølene må verkeleg engasjere seg i ein tunnel under Sognefjellet. Det meiner Arbeidarparti-politikar i Lom, Mari Beate Kleiven.

Kart Sognefjellstunnel

TUNNEL: Sogn og Fjordane har over lenger tid jobba for å få tunnel under Sognefjellet. Etter planane skal den gå mellom Fortun og Bøverdalen, og skal vere ein indre stamveg mellom Bergen og Trondheim.

Foto: Skjermdump / Google Maps

Medan det i Indre Sogn i fleire år, har blitt jobba med å få ein tunnel gjennom Sognefjellet har det stått stille i Lom.

Tunnelen er planlagd mellom Fortun og Bøverdalen, og skal vere ein del av ein indre stamveg mellom Bergen og Trondheim.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har også vedteke at strekninga skal inn i Nasjonal transportplan.

Vil engasjere seg

Mari Beate Kleiven i Lom Arbeidarparti, meiner Oppland har mykje å gjere for å ta att engasjementet i Sogn og Fjordane.

– Det er klart det er viktig med engasjement frå begge sider. Det hjelper ikkje at berre Sogn og Fjordane er engasjert, og ønskjer tunnel, når tunnelen skal gå gjennom to fylke, seier Kleiven.

Onsdag vart det fyrste folkemøtet om Sognefjellstunnelen arrangert i Lom, og rundt 90 personar møtte opp. Der vart det sett ned ei arbeidsgruppe av dei tre ordførarane frå Lom, Luster og Årdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sognefjellet

STENGD: Oppedal fylke bør på bana for å jobbe for tunnel, meiner Ap-politikar. Berre slik kan ein få ein heilårsveg mot vest, seier politikaren.

Foto: webkamera

– Treng utvikling

Kleiven seier utviklinga i Lom er avhengig av tunnelen mot vest.

– Vi kan ikkje berre sitje med hendene i fanget og tru at alt skal vere som det alltid har vore. Vi treng ei utvikling, og den utviklinga trur vi at vi får dersom vi snur oss mot vest, seier ho.

– Det er stadig fleire som flyttar frå bygdene i Ottadalen. Det vert stadig mindre attraktivt å busetje seg der. Så det å kunne få opna ein heilårsveg mot vest, trur eg er svært viktig med tanke på at det skal vere attraktivt å bu i Ottadalen, seier Ap-politikaren.

– Stort nasjonalt prosjekt

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, seier engasjementet i Ottadalen er viktig for å få løfta planane.

– Dette her er eit stort nasjonalt prosjekt. Det er den nye samstundige hovudtraséen mellom Stavanger og Trondheim, slik som vi ser det. Den går frå Sogn og Fjordane til Oppland, og det er veldig viktig at Oppland også har dette godt forankra i sine dokument, seier Kvalen.