Hopp til innhold

Oppklarer berre halvparten av dei melde sakene

Politiet i Vest innrømmer at dei ikkje har kapasitet til å etterforske alt publikum melder frå om.

Kaare Songstad

SAMLA: Kaare Songstad er politimeister for Vest politidistrikt. For fyrste gong legg det nye distriktet fram samla tal, etter at det vart slått saman av Hordaland og Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Paul S. Amundsen, Amundsen, Paul Sigve / NTB scanpix

For fyrste gong er det ein samla presentasjon av statistikk for Vest, etter at det vart slått saman av Hordaland og Sogn og Fjordane politidistrikt.

Oppklaringsprosenten er 51,5. Det vil seie at dei greier å oppklare så vidt meir enn annakvar sak.

Det er vel om lag som forventa. Vi har valt å prioritere ein viss type kriminalitet , det betyr at vi brukar mindre tid på andre sakstypar, seier Gunnar Fløystad som er påtaleansvarleg i Vest politidistrikt.

– Men de oppklarar berre annankvar sak?

– Det er ikkje nødvendigvis lite i den store samanhengen. Det er ikkje alle saker som vert melde som er straffbare forhold. Dei skal etterforskast, og dei minst alvorlege sakene har vi rett og slett ikkje kapasitet til å etterforske, seier Fløystad.

Det gjeld særleg mindre vinningsbrotsverk.

Komplisert

I sin eigen rapport forklarar politileiinga det med at «kriminalitetsbiletet har blitt meir komplisert, og politiet bruker meir tid på fleire alvorlege saker. Dermed blir det mindre tid til å granske dei mindre alvorlege sakene. I tillegg har den generelle kriminaliteten blitt meir internasjonalisert og samansett dei siste åra».

Oppklaringsprosent i Vest politidistrikt

2012

2013

2014

2015

2016

Hordaland

46,5

46,3

50,7

46,7

51,5

Sogn og Fjordane

68,1

70,5

69,4

71,8

I tabellen kjem det tydeleg fram at «gamle» Sogn og Fjordane politidistrikt trekkjer opp snittet betydeleg.

Medan dei har lege rundt 70 prosent oppklaring, har berre «gamle» Hordaland politidistrikt bikka 50 prosent ein gong dei siste fem åra.

Meir kriminalitet i byane

Gunnar Fløystad

HAR FOKUS PÅ ALVORLEG KRIMINALITET: Gunnar Fløystad er påtaleleiar i Vest politidistrikt.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Forklaringa på det er at distrikt med større byar, slik som til dømes Bergen, tradisjonelt har lågare oppklaringsprosent ein meir landbaserte distrikt. Slik er det i heile landet, og det er nok slik at det vert utført meir kriminalitet i byane som ikkje vert oppdaga enn andre stadar, seier Fløystad.

Samtstundes understrekar politileiinga sjølv at talet eigentleg kunne vore endå høgare:

«Dersom ein samanliknar dette talet med eit enkelt gjennomsnitt av oppklaringsprosenten i dei to tidlegare politidistrikta i 2015 (59,2) er det klart at det har vore ein nedgang. Dette er likevel ein forenkla samanlikning, som vil bli meir korrekt berekna neste år.»

Har prioritert overgrepssaker

Fløystad seier politiet har som mål at dei skal oppklare fleire saker kvart år utan at han vil talfeste dette.

– Vi har og eit mål om at vi skal oppklare fleire av dei alvorlege straffesakene, framfor å ha eit generelt mål på det, seier Fløystad.

Til dømes er seksuelle overgrep mot born eit området som Vest politidistrikt har brukt mykje ressursar på.

–Vi er nøydde til å konsentrere ressursane der det er viktigast. Seksuelle overgrep mot born er eit tema vi har brukt mykje ressursar på, og som vi ynskjer å verte flinkare på, seier Fløystad.