Oppheva bålforbod
Fleire kommunar har no oppheva bålforbodet etter nedbøren som har kome dei siste dagane. Blant desse er Stryn og Sogndal kommunar. Alarmsentralen vil minne om at det i tidsrommet mellom 15. april og 15. september er forbode å gjere opp eld i skog og anna utmark. Skal du gjere opp eld, så må du søke kommunen om løyve.