NRK Meny
Normal

Oppheita strid om kunstpark

BYRKJELO: (NRK) – Fleire av kunstverka i skulpturparken på Byrkjelo må fjernast, meiner Per Svein Reed som bur i bygda og fleire andre.

Arnar Kvernevik og Per Svein Reed

USAMDE: Arnar Kvernevik og Per Svein Reed har klare meiningar om skulpturparken på Byrkjelo.

Foto: Bård Siem / NRK

Nærare 70 skulpturar i alle slags storleikar, dei fleste hogde ut i stein, er det som møter oss i Kleppeparken på Byrkjelo. Fleire steinskulpturar av Førde-kunstnaren Oddvar Torsheim pregar parken, som etter kvart har vorte meir og meir omstridd.

Parken har fleire skulpturar av Oddvar Torsheim.

KUNST: Parken har fleire skulpturar av Oddvar Torsheim.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Enkelte meiner skulpturane forstyrrar trafikantane. Andre stiller spørsmål om skulpturane er godt nok sikra.

Mannen bak skulpturparken, Stig Eikaas, ønskjer ikkje å kommentere striden som har oppstått, men han fortel villig om kor godt han likar skulpturane sine.

– Å lage skulpturar er som å ha god sex. Eg tar, føler og kjenner på skulpturane mine medan eg lagar dei, fortel Eikaas engasjert. 64-åringen legg til at han likar å lage engasjerande og omstridd kunst.

– Ingen bildekunstnar i Sogn og Fjordane har sett djupare spor etter seg enn meg. Kunsten min har vore ein stor suksess, seier han.

Å lage skulpturar er som å ha god sex.

Stig Eikaas
Stig Eikaas

NØGD: Stig Eikaas elskar sin eigen omstridde kunst. Det er ei ære å lage omstridd kunst, seier han.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Sterkt engasjement

På Byrkjelo likar enkelte naboar skulpturane så dårleg at dei krev dei fjerna. I sakspapira som kommunen har kome med går det fram at andre meiner skulpturane som står klint inn til E39 er så forstyrrande at trafikkfarlege situasjonar kan oppstå. Atter andre meiner skulpturparken har gjeve Byrkjelo eit ansiktsløft.

Eg kan ikkje sjå at denne gråsteinen med ei måla veske på sida skal vere Oddvar Torsheim. Eg har ingen sans for det.

Per Svein Reed

Også elevane ved skulen i bygda engasjerer seg i saka. Noko også Firda har omtalt tidlegare. Elevane har mellom anna skrive eit brev til kommunen der dei listar opp positive og negative sider ved skulpturparken. Mange meiner skulpturane er fine, spesielt kopiane av Oddvar Torsheim og Christofer Columbus. Andre meiner at enkelte kunstverk er ekle.

Delar av kunstparken på Byrkjelo.

MANGE: Det kryr av små og store skulpturar i parken på Byrkjelo.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Vil ha kunsten fjerna

Midt mellom skulpturane møter vi Per Svein Reed som bur i bygda og Arnar Kvernevik (Ap) som er leiar i Multek-utvalet, utvalet som har ansvaret for kunst og kultur i Gloppen. Begge har klare meiningar om skulpturparken.

– Stig Eikaas har teke seg til rette utan at naboar eller andre har fått uttale seg. Han har brukt frie tøylar til å setje opp det han vil. Det blir feil. Kunsten skal godkjennast før den blir sett opp, seier Reed engasjert.

Kva bør gjerast for å få kunstparken betre?

– Det bør utarbeidast ein plan for området der ein ser på kor mykje kunst som bør vere der. Kunsten på andre sida av elva bør fjernast heilt, seier Reed.

Landet er fullt av kampesteinar, buskar og tre. Kvifor kan det vere gale å supplere naturen med engasjerande kunst?

Oddvar Torsheim

Tek Eikaas i forsvar

Arnar Kvernevik er samd i at godkjenninga av skulpturparken burde vore gjort på ein annan måte, men meiner det blir feil å hevde at Eikaas har teke seg til rette.

– Det er ikkje rett at Stig Eikaas har teke seg til rette. Det eksisterer ein skriftleg avtale mellom Gloppen kommune og Stig Eikaas frå 2008 om bruk av området Kleppeparken som vi no står på, seier Kvernevik.

Eikaas har fått munnleg løyve til å setje opp skulpturar også på austsida av elva, noko som har skapt dei sterkaste reaksjonane frå enkelte av naboane.

– Administrasjonen har teke sjølvkritikk på dette, seier Kvernevik.

Han fortel at Multek-utvalet no har vedteke at det skal utarbeidast ein samla plan for skulpturparken. Vedtaket inneber mellom anna at enkelte av skulpturane på austsida av elva kan fjernast.

Skulpturane står på begge sider av elva som renn gjennom Byrkjelo sentrum.

DELT AV ELVA: Skulpturparken står på begge sider av elva som går gjennom Byrkjelo sentrum. Også ut i sjølve elva finn ein eit av kunstverka.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Får skryt frå Torsheim

Reed er kritisk til det som har skjedd.

– Det er ein glipp frå kommunen si side at ikkje naboar til parken har vore betre involverte, seier Reed, som er glad for at det no skal utarbeidast ein samla plan for området.

Reed ser bort på ein av steinskulpturane av Førde-kunstnaren Oddvar Torsheim.

– Eg kan ikkje sjå at denne gråsteinen med ei måla veske på sida skal vere Oddvar Torsheim. Eg har ingen sans for det, seier Reed.

Oddvar Torsheim

LIKAR KUNSTVERKA: Førde-kunstnar Oddvar Torsheim likar skulpturparken på Byrkjelo.

Foto: Øystein Torheim

Oddvar Torsheim sjølv er usamd med Reed.

– Skulpturane av meg er friske og fine. Skulpturparken er inspirerande og bra. Landet er fullt av kampesteinar, buskar og tre. Kvifor kan det vere gale å supplere naturen med engasjerande kunst, spør Torsheim.

Arnar Kvernevik fortel at kommunen vil setje iverk tiltak for å sjekke om skulpturane står trygt.

– Det som uroar oss no er om skulpturane står trygt og ikkje kan falle ned, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.