Hopp til innhold

Oppgraderer Førde for å unngå VG-lista-kaos

FØRDE (NRK): Før VG-lista-konserten aukar dei 4G-dekninga i Førde og førebur seg på å ta imot tusenvis av ekstra bilar i sentrum.

Per Johan Oppedal monterer mast

DEKNING: Her monterer Per Johan Oppedal den mobile basestasjonen som skal sikre raske opplastingar til sosiale medium under VG-lista-konserten.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Det er få ting som er så irriterande som å stå i ein treig kø. På VG-lista-konserten i Førde 27. juli vil tusenvis av publikummarar sende bilete og video med Snapchat, Instagram og Facebook, på same tid. I tillegg skal tusenvis av bilar komme seg inn til Førde sentrum på same tid.

Til vanleg er ikkje det mogleg i Førde, så då blir det kø – både på telefonen og på vegane.

Nye behov

2G, 3G og 4G

Rask 4G-dekning har blitt viktig for konsertopplevinga til mange.

Foto: Helene Wille Lund / NRK

Derfor blir det no montert provisoriske basestasjonar i Førde sentrum. For teleselskapa i landet har eigne grupper som planlegg kvar i landet det til ein kvar tid er bruk for ekstra dekning.

– Der det er vanleg å ha store arrangement, som på stadion og store konsertlokale, er det alltid nok kapasitet. Men på festivalar, og no på VG-lista-konserten er vi nøydde til å sette opp ekstra kapasitet, seier Tommy Skogheim Johansen som er dekningssjef i Telia.

For ikkje så mange år sidan var det viktig å ha god nok kapasitet til at folk kunne komme i kontakt med kvarandre ved å ringe eller ende SMS, men no er det heilt andre behov.

– Det er behovet for data som er drivaren no. Det viktigaste er å ha god kapasitet for opplasting, for folk skal legge opp bilete og film, seier Johansen i Telia.

Parkering VG-lista førde

PARKERING: Her vil kommunen at folk skal parkere før konserten.

Foto: Førde kommune

Prøver å unngå trafikk-kaos

Det er arrangørane av VG-lista-turneen som har ansvar for sjølve konserten. Men i Førde kommune prøver dei å unngå at det blir trafikk-kaos i Førde når så mange kjem med bil til sentrum.

Jan Birger Moe i kommunen veit ikkje heilt kor mange som kjem til å møte opp på konserten, men dei anslår at det kan bli 8000 til 9000 personar.

– Det kjem heldigvis ikkje 9000 bilar, for det er sett opp skyttelbussar. Men det er klart at 2000–3000 ekstra bilar vil sjølvsagt skape problem. Derfor går vi ut med informasjon no for at folk skal vite kor ein kan parkere og gå fram til konserten, seier Moe.

Dei kjem til å stenge av dei vegane som trengst for arrangørane, det vil seie delar av Angedalsvegen. Moe i kommunen meiner at folk må vere ekstra merksame i sentrum denne ettermiddagen.

– Det vil bli ekstra mange bilar og ekstra mange gåande i sentrum, køar i rundkøyringar ut og inn av sentrum, seier han.

Kart over VG-lista i Førde

SCENA: Sjølve konserten blir på kunstgrasbana ved Førdehuset.