Hopp til innhold

Oppgitt over utanlandske sjåførar

– Her kjem ein gjeng rike folk frå utlandet med sportsbilar og trur dei er på ein racerbane, seier politiførstebetjent, Torbjørn Sælen i utrykkingspolitiet.

Lotus råkøyrde gjennom Sogn og Fjordane

RÅKØYRDE: Ein Maclaren var med i følget av utanlandske sportsbilar som råkøyrde gjennom fylket.

Foto: Privat

Denne veka blei eit følge på minst ni sportsbilar observert med svært høg fart på E39 i Sogn og Fjordane. Ein av dei politiet stoppa hadde ei fart på 137 km/t i 80-sona, og fekk ei bot på 15 000 kroner.

– Bøtene såg ikkje ut til å gjere spesielt stort inntrykk på dei. Det er nok eit lite innhogg i økonomien deira, seier Torbjørn Sælen i utrykkingspolitiet.

Dei hadde lova politiet å slakke på gassen, men Sælen er ikkje sikker på at det kjem til å skje.

– Utlendingar er overrepresenterte

Sælen seier at det er mange utanlandske sjåførar blant dei som blir teke med høg fart i fylket i sommarsesongen. Han meiner mange av utlendingane ikkje har dei same haldningane til hastigheit på vegane som nordmenn har.

– Den respekten vi har for køyrereglane i Noreg er ikkje like stor hos dei som kjem hit, seier han.

Torbjørn Sælen

OPPGITT: Torbjørn Sælen er oppgitt over at mange utanlandske sjåførane ikkje har den same respekten for norske køyrereglar.

Foto: Silje Guddal / NRK

UP-sjef for Vestlandet, Terje Oksnes, er forundra over hastigheita sportsbil-sjåførane hadde, sidan vi har høge fartsbøter i Noreg.

– Det er velkjent at vi har mange kontrollar og høge bøter. Dei utanlandske har den same risikoen som alle andre førarar, seier Oksnes.

Køyrenekt i Noreg

Ein av dei utanlandske sportsbil-sjåførane som blei teke fekk køyrenekt. Det vil seie at dei ikkje får lov til å køyre bil i Noreg i ei viss periode, men kan køyre bil i alle andre land. Terje Oksnes seier det er vanskeleg å føre kontroll over bilistar som har fått køyreforbod.

– Dei kan reise heim til heimlandet og få nytt førarkort og vise fram eit gyldig førarkort i Noreg etterpå. Det er utfordrande å fange opp desse, seier han.

Han seier at dei også har teke utanlandske sjåførar i å køyre sjølv om dei har fått nekt.

Terje Oksnes

FORUNDRA: Terje Oksnes, som er UP-sjef er forundra over farta på sportsbilane, sidan det er kjent at Noreg har høge bøter.

Foto: Dag H. K. Andersen / NRK