Hopp til innhold

Oppgitt over stillstand i rovviltforvaltninga

Dagens soneinndeling mellom rovdyr og beitenæring vil berre halde fram med å skape konfliktar. Det er bodskapen frå Nina Jensen i WWF, som ber politikarane ta grep.

Nina Jensen - rovdyrforvaltning

FUNGERER IKKJE: Nina Jensen i WWF ber politikarane lytte meir til faglege råd og sjå på heile rovdyrforvaltninga på nytt.

Foto: Steinar Myhr/Fredrik Myhre / Samfoto/WWF

– Vi ser at det er stor konflikt, og ein har ein ganske bestialsk praksis med å hente ut jerv gjennom såkalla hiuttak, der ein drep ungane når dei er nyfødde og deretter mora. Det er ikkje ein type praksis ein burde ha i Norge i 2016, seier generalsekretær Nina Jensen i dyrevernorganisasjonen WWF-Norge.

Sauebøndene i Sogn har i fleire år lidd store tap til jerv. På Oppland-sida skal jerven få gå fritt i fjellet, men i Sogn og Fjordane har Stortinget bestemt at det ikkje skal vere ynglande jerv.

– Må sjå på heile systemet

Generalsekretæren håpar no at politikarane kan setje seg ned og sjå på heile dagens forvaltningssystem. Ho er ikkje den første.

– Eg har stor forståing for bøndene, men det er nettopp difor det er viktig å akseptere at konfliktane vil halde fram, for jerven vil vere der den likar seg best.

Ho meiner ein no bør sjå på korleis ein kan tilpasse dette som med andre faktorar som påverkar sauehaldet, som til dømes giftige plantar. Ho vedgår at det å flytte grensa er noko ho meiner styresmaktene må sjå nærare på.

– Det er ingen tvil om at ein både burde utvide områda der rovdyr får bevege seg på og ikkje minst sørge for at det er dei mest naturlege områda der rovdyra trivst godt.

Vil flytte grenser

Statssekretær i Miljøverndepartementet; Lars Andreas Lunde

IKKJE PROBLEMFRITT: Det vedgår statssekretær Lars Andreas Lunde i Miljøverndepartementet.

Foto: BJORN H STUEDAL / www.stuedal.no

Statssekretær i Miljøverndepartementet, Lars Andreas Lunde (H), viser til at det er Stortinget som har vedteke soneinndelingane, men vedgår at det ikkje fungerer optimalt.

– Hovudsakleg fungerer den, men vi har nokre problem knytt til grensene. Rovdyra bryr seg fint lite om kva grenser vi politikarar sett og difor vil det frå tid til annan kome dyr frå ei rovdyrsone over i eit område der beitedyra skal ha prioritet.

– Betyr det at det kan bli grensejusteringar?

– Det kan bety det, men det er klart at uansett kor ein set grensa så vil dyr kunne kome over. Det som er viktig er at ein har store, robuste soner som gir tilstrekkeleg leveområde både for rovdyr og beitedyr.

Jensen på si side meiner politikarane må ta grep og i større grad lytte til faglege råd. Blant anna ved å la jerven gå der den likar seg best.

– Men då må ein også finne gode mekanismar for å ta vare på dei som driv i desse områda, ved å sørge for god kompensasjon for tapa og sjå på korleis ein best mogleg kan redusere både konflikt og tap.