NRK Meny
Normal

Oppgitt over Regjeringa

Styremedlem i Helse Førde, Jorunn Ringstad, er oppgitt over at Regjeringa igjen vil gripe inn og redde ortopediklinikken i Lærdal.

- Eg må seie det er ein litt merkeleg situasjon. Dei same eigarane pålegg styret å komme i balanse, noko som medfører at Helse Førde må kutte. Samstundes overprøver dei kutta som kjem, seier Ringstad.

Misnøgd med sine eigne

Den tidlegare stortingsrepresentanten frå Senterpartiet likar dårleg at hennar eiga regjering har instruert Helse Vest om å ta opp det omstridde vedtaket om å leggja ned ortopediklinikken ved Lærdal sjukehus.

Ortopediklinikken vart oppretta for nesten to år sidan for å ta unna skulder-, hofte- og knepasientar som står på venteliste andre plassar i landet.

Men for halvanna månad sidan vedtok Helse Førde å redusera tilbodet ved klinikken kraftig. Grunnen er at staten har pålagt helseføretaket å gå i null innan utgangen av neste år.

Avgjerda førde til sterke reaksjonar i Indre Sogn. Der fryktar ein at drifta av heile lokalsjukehuset kjem i faresona dersom ein så viktig del av verksemda blir teken bort. Turbulensen er òg bakgrunnen for at Regjeringa grip inn og varslar omkamp om klinikken.

- Dette gjer det svært vanskeleg å spare 60 millionar kroner innan utgangen av neste år, slik den same Regjeringa krev, seier styremedlem i Helse Førde, Jorunn Ringstad.

- Så lenge det er sett krav om at vi må kutte, blir jobben svært vanskeleg for oss, seier ho.

Fire tilbod kan bli verna

Ortopediklinikken kan bli det fjerde lokalsjukehustilbodet i Sogn og Fjordane som blir freda for kutt. Frå før har Helsedepartementet verna nærsjukehuset i Florø, fødestova i Lærdal og no sist i sommar fødeavdlinga ved Nordfjord sjukehus.

I tillegg veit ein at departementet har pålagt Helse Førde å bruka meir pengar på psykriatri, kreft, rus og rehabiliteting enn det ein gjer i dag. Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, er like frustrert over sprikande styringssignal som Ringstad.

Klart for omkamp

Etter at Regjeringa har grepe inn, er det no opp til Helse Vest å bestemma framtida til ortopediklinikken i Lærdal.

Saka står på saksliste på fyrste styremøte 6. september. Helse Vest forsvarte kuttvedtaket til Helse Førde så seint som i midten av juli.

- Men på grunn av dei sterke protestane mot nedleggingsvedtaket blir det no omkamp om klinikken, seier styreleiar i Helse Vest, Oddvar Nilsen.

- Kan dette bety at ortopediklinikken i Lærdal blir freda?

- Nei, det vil eg ikkje spekulere i, seier Nilsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.