Hopp til innhold

Oppgitt over «bakstreversk» returordning

Ordninga der forbrukarane sjølve må levere plast på returpunkta til Sunnfjord Miljøverk skapar reaksjonar hos miljøforkjemparar.

Sunnfjord Miljøverk i Hesjedalen i Førde

HENTAR IKKJE: Forbrukarar som vil levere plast til retur må anten sjølve levere det på Sunnfjord Miljøverk sitt anlegg i Hejsedalen i Førde, eller levere det på ein av miljøstasjonane selskapet har ute i kommunane.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

I Nordfjord og Sogn har dei lokale miljøverka ordningar der dei hentar plastretur med bossbilen, men i Sunnfjord har dei valt ei anna løysing.

I eitt år har sunnfjordingane fått levere plast på Sunnfjord Miljøverk sine miljøstasjonar, men dei får altså ikkje returplasten henta heime hos seg.

Oddvar Etnestad i Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord meiner avfallsselskapet gjer det for tungvint for folk.

– Dette blir ei ordning for dei aller, aller, aller mest interesserte og ivrige. Dei vil ikkje få inn store mengder plast på denne måten, seier han oppgitt.

Ber selskapet leggje betre til rette

Prøveordninga Sunnfjord Miljøverk har hatt med retur av plast får leve vidare, då selskapet er godt nøgd med resultata dei har hatt så langt.

– Vi synest folk er veldig flinke. Av det vi ser i sekkane våre er det riktig sortert, og det vi får inn er stort sett klart til å gå vidare til gjenvinning, sa konsulent Arne Øvrebø til NRK.no sist veke.

Men i Naturvernforbundet er dei ikkje nøgd med måten Sunnfjord Miljøverk organiserer ordninga på.

Oddvar Etnestad merkar seg at plasten i Nordfjord, Sogn og i Florø vert henta av bossbilen. Naturvernforbundet ønskjer at det skal verte enklare for forbrukarane også i Sunnfjord.

– Landet over er det stor satsing på innsamling av plast, difor er det merkeleg at Sunnfjord Miljøverk skal gjere det på denne måten. Det er litt merkeleg at dei ikkje skal kunne leggje betre til rette slik andre gjer, seier Etnestad.

– Ikkje så enkelt

Men styreleiar i Sunnfjord Miljøverk, Henrik Lunde, meiner det ikkje er så enkelt som Naturvernforbundet vil ha det til.

– Vi har gjort veldig mange studiar av dette, og det er ikkje så enkelt som mange vil ha det til å konkludere med kva som gir den største miljøgevinsten, seier Lunde til NRK.no.

Han viser til at det er ein balansegang mellom økonomi og miljø.

– Det er viktig å halde seg oppdatert, slik at ein kan bruke kronene best mogleg ut frå å få best mogleg gevinst på både miljøsida og ressurssida, seier han.