Hopp til innhold

Oppførte seg skremmande på campingplass

Politiet måtte like etter midnatt rykke ut til ein campingplass i Lærdal der nokre rusa ungdomar dreiv med tylefærer og oppførte seg skremmande.

Politi illustrasjon

BRÅK OG URO: Politiet måtte i løpet av natta ordne opp i fleire tilfelle av bråk og uro.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet noterte personalia på dei som var der, og viste dei vekk frå området.

Elles måtte politiet i løpet av natta rydde opp i ei rekke tilfelle av rus og bråk over heile fylket.

Førde:

Like før klokka eitt i natt hadde politiet i Førde ein promillekontroll i Angedalsvegen. 24 kontrollerte og alle bles grønt.

Ein time seinare fekk politiet melding om ein gjeng med rusa ungdommar som hindra ferdsel på E39 i Førde. Politiet ordna opp, og noterte seg og personalia på dei som var til stades.

40 minutt seinare måtte politiet også rykke til ein utestad i Førde, etter melding om slagsmål. Politiet fekk roa gemytta, og saka vert følgt opp i ettertid.

Like etter klokka halv fire i natt observerte politiet ein husky med svart halsband som gjekk laus i området ved Førdehuset. Den let seg ikkje fange.

Årdal:

Like før klokka to i natt oppstod det amper stemning utan for ein serveringsstad i Årdal og politiet vart tilkalla. Situasjonen hadde løyst seg då politiet kom på staden.

Florø::

Ved midnatt måtte politiet ta seg av ein rusa ungdom som vart køyrd heim til foreldra.

Like etter klokka halv eitt rykte politiet ut til ei adresse i sentrum etter meldingar om feststøy og krangel med ein nabo. Festdeltakarane fekk pålegg om avslutte festen.

Klokka eitt fekk politiet melding om støy frå råning i sentrum. Saka vert følgt opp av politiet i etterkant

Sogndal:

Ved midnatt fekk politiet klagar på støy frå rusa ungdommar i sentrum. Då politiet kom til staden hadde det roa seg.

Like etter klokka halv tre måtte politiet i Sogndal ordne opp i ein høglydt krangel mellom ein gut og ei jente. Det var litt ampert, men politiet ordna god stemning igjen.

Vel 10 minutt seinare fekk politiet melding om ein hjort som var påkøyrd ved Kaupanger, der er viltnemnda varsla.

Måløy:

Like før klokka halv to kom politiet over eit slagsmål ved ein bensinstasjon i sentrum. Det var fleire involverte. Partane vart skilde og politiet noterte seg personalia.

Høyanger:

I Høyanger hadde UP kontroll i løpet av natta. 18 vart kontrollerte utan at det resulterte i reaksjonar av noko slag.

Stryn:

I Stryn gjennomførte politiet i natt ein promillekontroll i Visnesvegen, her vart det ingen reaksjonar.