Hopp til innhold

Oppfordrar dei som bur langs Dalsfjorden til å søkje i sitt nærområde

Søket i Dalsfjorden held fram med same styrke denne veka. Innsatsleiaren oppfordrar òg alle som bur langs fjorden til å søkje i sitt nærområde.

Leiteaksjon i Dalsfjorden

OPPFORDRAR TIL SØK: Innsatsleiaren for søket i Dalsfjorden oppfordrar no alle som bur langs fjorden til å søkje i nærområdet sitt.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Tolv dagar etter Bjørn Ove Steig fall over bord frå ein båt i Dalsfjorden er framleis om lag 40 personar involverte i søket. Søndag la innsatsleiar Eivind Antonisen i Fjaler brannvesen ut eit innlegg på Facebook for å rekruttere fleire frivillige til å halde oppe søket.

– Responsen har vore utruleg god. Det er mange som har meldt frå til oss at dei vil komme og delta i søket denne veka. Om vi skal halde fram med å ligge på 40 stykke per dag er det framleis mogleg å melde seg på utover i veka, seier Antonisen.

– Eg oppfordrar òg alle som bur langs Dalsfjorden, heilt ifrå Askvoll og inn fjorden, til å søkje i sitt nærområde slik at vi får dekka eit størst mogleg areal.

Innsatsleiaren ber alle som ønskjer å bidra i søket til å ta kontakt på deira innsatstelefon 414 48 350.

Kystvakta kjem torsdag

Antonisen seier det viser eit enormt engasjement at det framleis er så mange som vil bidra til søket.

Gunhild Berge Stang og Eivind Antonisen

ENORMT ENGASJEMENT: Innsatsleiar Eivind Antonisen (t.h.) er glad for at det framleis er mange som vil bidra til søket.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er noko av fordelen med å bu på landsbygda at vi står samla om slike tragiske hendingar.

Torsdag kjem også Kystvakta til Dalsfjorden. Antonisen fortel at dei no jobbar med å planlegge akkurat kva dei skal bidra med. I første omgang skal Kystvakta vere i området til laurdag.

– Vi veit dei har ein miniubåt om bord som skal hjelpe til i undervassøket, i tillegg til ei dykkargruppe som skal gjere ein del søk. Dei kan også hjelpe til i overvassøk.

Held fram heile veka

– Kor lenge kan de halde fram med eit så omfattande søk?

– I første omgang er planen at vi held fram heile denne veka. Etter det må vi setje oss ned og diskutere korleis vi vil fortsette arbeidet, men vi står nok føre ei nedtrapping over helga.

Innsatsleiaren seier det framleis er usikkert korleis ei eventuell nedtrapping vil sjå ut, og han vil ikkje uttale seg om dette før planen for det vidare søket er spikra.