Hopp til innhold

Dei oppfattar regjeringsvedtak på to vidt forskjellige måtar

Korleis skal den akuttmedisinske beredskapen ved Nordfjord sjukehus vere i framtida? Statssekretær Tord Dale og varaordførar Kjell Magne Åshamar oppfattar Regjeringa sitt vedtak på to vidt forskjellige måtar.

Tord Dale og Kjell Magne Åshamar

USAMDE: Statssekretær Tord Dale og Kjell Magne Åshamar har heilt forskjellig oppfatning av kva regjeringa har sagt om den akuttmedisinske beredskapen ved Nordfjord sjukehus.

Statssekretær Tord Dale i Helse- og omsorgsdepartementet meiner Nordfjord sjukehus får ein lågare akuttmedisinsk beredskap i framtida. Dette fordi sjukehuset ikkje lenger skal ha anestesilege.

Kjell Magne Åshamar er på si side overbevist om at statssekretæren har misforstått.

- Eg må be han å lese vedtaket som er kome frå Regjeringa. Der står det at det skal vere akuttmedisinsk beredskap som i dag i Eid. Som i dag betyr med anestesilege, seier Åshamar som er Sp-politikar og varaordførar i Eid.

Statssekretær møtt av aksjonistar

Statssekretær Tord Dale er fylkets mest utskjelte statssekretær om dagen. Tysdag kveld var han på Stadlandet, etter at han vart invitert dit av leiar i Selje Ap, Ole Bosnes.

Også i går fekk Dale høyre det frå folk som ikkje er nøgde med Regjeringa sitt vedtak om å gjere om fødeavdelinga på Nordfjordeid til fødestove.

Folk hadde møtt mannsterke opp med plakatar for å protestere mot Regjeringa sin sjukehuspolitikk. Dale har frå før blitt skulda for å leike med faktagrunnlaget for å leggje ned fødeavdelinga i Eid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tord Dale møtt av sjukehusforkjemparar på Stadlandet

KJEMPAR VIDARE: Statssekretær Tord Dale vart møtt av sjukehusforkjemparar då han tysdag kveld var på Stadlandet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

- Nordfjord vil få lågare beredskap

Dale vart også konfrontert med kva endringar vedtaket fører til for akuttberedskapen ved sjukehuset i Eid. Statssekretæren vedgjekk då at Nordfjord sjukehus vil få lågare akuttmedisinsk beredskap i framtida.

I motsetnad til Lærdal sjukehus skal Nordfjord ikkje lenger ha anestesilege fordi ortopedien forsvinn ved sjukehuset.

- På sikt vil det ikkje lenger vere anestesilege ved sjukehuset i Nordfjord. Eg meiner dette er eit forsvarleg tilbod, sa Dale.

- Fullstendig usamde i tolkinga

Men Dale har misforstått, meiner varaordførar Kjell Magne Åshamar og viser mellom anna til eit regjeringsnotat der det står følgjande.

"Indremedisinsk akuttberedskap opprettholdes som i dag. Det etableres døgntilgjengelige laboratorie- og røntgentjenester. Det etableres et prospektivt følgeforskningsprosjekt for å vurdere hvilket behov et sykehus med tilpassede akuttfunksjoner har for støttetjenester for å opprettholde indremedisinsk akuttberedskap”.

- Vi er fullstendig usamde i tolkinga av vedtaket, seier Åshamar til NRK.no.

Vedgår at det blir vanskeleg

Men også Åshamar vedgår at det kan bli vanskeleg å behalde ein anestesilege ved eit lite lokalsjukehus som ikkje har operasjonar.

- Det blir Helse Førde sitt problem. Men eg meiner bestemt at det skal vere anestesilege på Nordfjord sjukehus, og det meiner eg står i vedtaket, seier Åshamar.