NRK Meny
Normal

Oppdrettsselskap frifunne i retten

Firda Sjøfarmer AS er frifunne på alle punkt etter ei fiskerømming i 2012.

Firda sjøfarmer sitt anlegg ved Leiholmane i Gulen

RIVNA: Firda sjøfarmer sitt anlegg ved Leiholmane i Gulen.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Ola Braanaas

FÅR ERSTATNING: Ola Braanaas er glad for at tingretten frifant selskapet hans.

Foto: NRK

For fire år sidan rivna ei av nøtene ved Firda Sjøfarmer sitt oppdrettsanlegg i Gulen i sterk vind og 123.000 oppdrettsaurar rømde.

Lakseoppdrettar Ola Braanaas nekta å betale ei bot på to millionar kroner for den omfattande fiskerømminga og saka hamna i rettssystemet. Aktor i retten meinte at rømminga skjedde fordi anlegget ikkje var drifta på skikkeleg måte.

No har Nordhordland tingrett frifunne verksemda for både straffeansvar og erstatningskrav. Firda Sjøfarmer får også dekka sakskostnader på i overkant 180.000 kroner.

– Vi er glade, men ikkje overraska over at tingretten så klart fastslår at Firda Sjøfarmer ikkje har gjort noko straffbart, seier Ola Braanaas som er dagleg leiar og eigar.

– Glad på dei tilsette si vegne

Ifølge han var utstyret på anlegget godkjent for enda tøffare vêrforhold enn det som ramma anlegget i 2012. Braanaas meiner at det aldri burde blitt reist ein straffesak mot selskapet.

– På mange punkt var saka skremmande svakt fundert. Det er dessutan tvilsam bruk av samfunnet sine ressursar når politi og påtalemyndigheit brukar nesten fem år på å få ein slik sak opp for domstolane, seier han.

Braanaas fortel at saka har vore ei belastning for han og dei andre i selskapet i dei åra den har halde på.

– Først og fremst er eg glad på vegne av alle dei tilsette, som gjennom ein slik sak indirekte blir skulda for ikkje å ha gjort jobben sin. For dei er dommen ei hyggeleg oppreisning, fortel han.