Hopp til innhold

– Kvifor skal eg betale meir i skatt enn Petter Stordalen?

SVANØY (NRK): Aktørar innan oppdrett trugar med å flagge ut dersom dei blir pålagt høgare skatt. – Det var dette som skjedde i Sovjet, seier lakseeigar.

Ola Braanaas

PROVOSERT: – Går forslaget gjennom, er eg usikker på om eg vil drive vidare i Noreg, seier Ola Braanaas.

Foto: NRK

– Kvifor skal eg ha ein høgare skatteprosent enn til dømes Petter Stordalen i Oslo, spør laksegründer Ola Braanaas.

Nyleg la eit statleg utval fram ei innstilling der dei rår staten til å innføre ein grunnrenteskatt, eller ein såkalla «lakseskatt», på overskot i havbruksnæringa, på 40 prosent.

– Går forslaget gjennom, er eg usikker på om eg vil drive vidare i Noreg, seier Braanaas.

Same nivå som vasskraftnæringa

– Vi legg oss på same nivå som vasskraftnæringa, uttalte leiar av utvalet, Karen Helene Ulltveit-Moe, då ho la fram innstillinga.

– Anten du utnyttar den eine eller den andre forma for felles naturressurs, bør du betale likt, sa ho.

Karen Helene Ulltveit-Moe

Nyleg la eit statleg utval fram ei innstilling der dei rår staten til å innføre ein såkalla «lakseskatt». – Vi legg oss på same nivå som vasskraftnæringa, uttalte leiar av utvalet, Karen Helene Ulltveit-Mo.

Foto: Moment Studio / UIO

Det er Braanaas uenig i. Oppdrettsbransjen og vasskraftnæringa kan ikkje samanliknast, meiner han.

– Det blir det same som å seie at vi brukar av fellesskapet sine ressursar når vi pustar og har godt utsyn. I oppdrettsbransjen har vi kjøpt og betalt alle innsatsfaktorane vi brukar.

Sovjetiske tilstandar

Heller ikkje Lerøy-investor Helge Møgster har noko til overs for forslaget.

– Ein ekstraskatt på 40 prosent blir som at staten konfiskerer heile næringa, slik den sovjetiske staten gjorde med landbruket i Sovjetunionen, seier han.

Erna Solberg og Helge Møgster

OPPGITT OVER STATSMINISTEREN: Milliardær Helge Møgster er oppgitt over Erna Solberg og regjeringa. – Medan Erna sit som statsminister kjem det stadig nye forslag om skatt, seier han.

Foto: Paul Sigve Amundsen / Paul S. Amundsen

Om forslaget går gjennom, vil han legge alle nye investeringar til utlandet, varsler han. I fjor hadde Møgster ei inntekt på 25 millionar kroner. Formuen var på 1,1 milliardar.

– Du tener svært godt. Trur du enkelte kan oppfatte deg som sutrete når du tek så sterkt til motmæle mot auka skatt?

– Det kan godt vere. Men du må hugse at det er vi som gjer at det er lys i husa i Kyst-Noreg. Alle kan ikkje tene like mykje.

– Sutrete å truge med å flagge ut

På Svanøy, ved munningen til Førdefjorden, myser 28 år gamle Jon Erik Tveit mot novembersola. Laksemerdane er fulle av glinsande laks.

Han er ein av om lag 7.500 ansatte i den norske laksenæringa.

Jon Eirik Tveit

KRITISK: Jon Erik Tveit i Marø Havbruk meiner det er tåpeleg at laksemillionærar trugar med å forlate landet når det kjem forslag om auka skatt.

Foto: Kaia Johnsen Viki / Bård Siem

Truslane om å flagge ut kaller han «tåpelege».

– Dette er ei næring som tener mykje pengar. Difor er det sutrete og lite berekraftig å snakke om å flytte oppdrettsnæringa ut av landet, seier han.

– Ønskjer å skape verdiar

Det er tanta hans, Elin Tveit Sveen, som eig selskapet han jobber i. Ho vil ikkje gå god for karakteristikkane til nevøen, men er likevel klar på at ho ikkje har sans for truslar.

– I staden må vi prøve å få fram kva næringa jobbar med og kor viktige vi har vorte langs kysten, seier ho.

Ho presiserer likevel at ho synest 62 prosent skatt «blir altfor mykje» og minner om at «sjukdom og prisfall kan føre til at innteninga brått blir dårlegare».

Jon Eirik Tveit og Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk på Svanøya

Jon Eirik Tveit og Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk på Svanøya.

Foto: Kaia Johnsen Viki / Bård Siem

For hennar eigen del er det likevel uaktuelt å flagge ut. Dessutan har ho planar om å realisere eit stort leilegheitsbygg på øya.

– Eg bur på Svanøy, har familien min her og trivst godt. Det er her eg ønskjer å skape verdiar.