Hopp til innhold

Oppdrettsnæringa rasar mot gruveforkjempar

Oppdrettsnæringa er svært oppgitte etter at Norsk Bergindustri skulda laksenæringa for å vere miljøverstingen i Førdefjorden.

Geir Ove Ystmark

RASAR: Geir Ove Ystmark er direktør i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, og er svært frustrert over angrepet frå Norsk Bergindustri.

Foto: Sjømat Norge

Norsk Bergindustri kjempar for at Nordic Mining, trass åtvaringane frå Havforskingsinstituttet, skal få løyve til gruvedrift i Naustdal og sjødeponi i Førdefjorden. I ein debatt i NRK gjekk styreleiar Hanne Markussen Ek til angrep på oppdrettsnæringa.

– Hadde de verkeleg brydd dykk om naturen, hadde de eit mykje større fokus på havmatindustrien de vil ha. Det er ingen som forureinar meir i fjorden enn dykk, seier Markussen Ek.

Direktør i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening Geir Ove Ystmark er svært lite glad for utsegnene frå Norsk Bergindustri

– Gjørmebrytingsdebattar mellom næringar er aldri noko positivt! Dette er noko vi vil følge opp internt i NHO, for dette er ikkje ein heldig måte å kommunisere på, seier Ystmark.

Kampen om gruvedrift i Vevring og sjødeponi i Førdefjorden hardnar til. Får Nordic Mining tommelen opp frå regjeringa vil store mengder gruvemasse blir dumpa i fjorden. Forkjemparane viser til at det vil bli skapt mange nye arbeidsplassar. Motstandardane meiner fjorden blir skada eller øydelagd av gruvemassane.